Hopp til innhold

Midtausten-ekspert John Esposito: – Det er som forgjeves å forske på ein sjukdom

Han er ein av USAs leiande ekspertar på Islam og Midtausten. Han meiner problemet ikkje er radikalisering, men apati.

Professor John Esposito trur heile regionen er i ferd med å bryte saman.

Han trudde aldri det ville bli så ille: Professor John Esposito

– Da eg byrja for 40 år sidan, syns eg synd på desse akademikarane som brukte heile karrieren si på å tru at det ville bli fred i Palestina. Det var som dei forska forgjeves på ein sjukdom, fortel professoren.

Studentar av midtaustenkunnskap kjenner namnet John Esposito. Namnet hans står på pensumlister i kurs om Islam og politikk verda over. Som ung student var han mykje meir optimistisk enn det han er no.

– Eg kunne aldri forstille meg at vi ville få ein situasjon som no der heile regionen er i ferd med å implodere. Det er eit område som blør!

SWITZERLAND-ECONOMY-POLITICS-DIPLOMACY-SUMMIT

Midtausten blør, seier John Esposito. Flyktningstraumen ut av regionen vart diskutert i Davos i fjor, men beslutningstakarane slit med å finne løsyingar.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Nestor på fagfeltet

Han har hatt mange profilerte læresveinar, som Tyrkias president Tayip Erdogan, og den dødsdømde egyptiske samfunnsvitaren Emad Shahin.

76-åringen er uroa over at håpet den arabiske våren skapte, har enda i borgarkrigar (Syria, Jemen, Libya) og nye diktatur (Egypt).

Lyspunktet er demokratiet i Tunisia, han håpar kan inspirere andre.

Kritisk til Saudi-Arabia

Midtausten-instuttet som Esposito grunnla ved Georgetown University, fekk i 2005 ei gåve på 20 millionar dollar frå ein prins i Saudi-Arabia.

Likevel er han ikkje redd for å vere kritisk mot kongedømmet.

Han peikar på statskuppet mot den egyptiske presidenten Morsi, som var finansiert av mellom anna Saudi-Arabia.

Han har lite til overs for den spake reaksjonen frå sitt eige land USA.

– Argumentet dei brukte var at Morsi var upopulær, er det slik vi skal handtere val også i USA, spør han retorisk?

FILES-EGYPT-POLITICS-MORSI-TRIAL

Den folkevalde presidenten Mohamed Morsi vart styrta i eit kupp, støtta av Saudi-Arabia. Han var ikkje perfekt, men hadde også lite reell makt, fortel John Esposito.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Folkevalde utan makt

Mange håpefulle politikarar i Midtausten har fortalt Esposito dei fryktar «the deep state».

For kva er poenget med demokratiske val, når den folkevalde ikkje kontrollerer maktapparatet?

Han nyttar Mohamed Morsi og Den muslimske brorskapen som eksempel. Morsi vann valet i 2012 og vart presidenti Egypt.

Men han hadde ikkje kontroll over hæren, domstolane og politiet.

– Ja han gjorde feil, men han var vel eigentleg aldri president i landet, fortel Esposito.

Espesito: Dobbeltmoral gjer at folk mistar trua

Esposito har gjort meiningsmålingar saman med Gallup, som viser klart at det arabiske folket ynskjer folkestyre og ytringsfridom.

Men han fryktar dette er på veg til å endre seg.

Årsaka er vestens dobbeltmoral, der dei seier dei ynskjer demokrati, men i praksis støttar autoritære regimer.

– Eg trur mange berre passivt og deprimerte held ein lav profil, for å unngå problemer og å behalde jobbane sine.

Slik blir apatien kanskje eit større problem enn radikalisering, sjølv om denne dobbeltmoralen også blir brukt i den islamistiske propagandaen.

SISTE NYTT

Siste nytt