Hopp til innhold

Microsoft til USA sin justisminister: – Respekter grunnlova vår

Microsoft går hardt ut mot Obama-administrasjonen fordi selskapet ikkje får lov til å snakke offentleg om kor mykje informasjon dei må dele med styresmaktene.

Microsoft

Microsoft meiner katten allereie er ute av sekken etter Snowden-avsløringane, og at det difor ikkje er noko grunn til at dei ikkje skal få gi sin versjon av NSA-samarbeidet.

Foto: Steven Senne / Ap

Basert på lekkasjar av varslaren Edward Snowden kunne The Guardian førre veke melde at den amerikanske datagiganten Microsoft har samarbeidd tett med amerikanske etterretningstenester for å mogleggjere overvaking av e-postar og Skype-samtalar.

Dette gjeld også ved bruk av Microsoft sin eigen krypteringsteneste på den nettbaserte versjonen av Outlook.

Selskapet er i dag forhindra frå å snakke offentleg om omfanget av samarbeidet dei har med NSA og amerikanske styresmakter. Det får no Microsoft til å reagere.

– Går ut over grunnlovsprinsippa

Eric Holder

Justisministeren i USA, Eric Holder.

Foto: Charles Dharapak / Ap

I eit brev til justisminister Eric Holder går selskapet langt i kritikken sin av amerikanske styresmakter.

– Motstanden mot å frigi informasjon om korleis me samarbeider med styresmaktene om tryggingsspørsmål går ut over folket, styresmaktene sjølv, og – viktigst av alt – prinsippa frå Grunnlova.

– Grunnlova garanterer den fundamentale fridomen til å uttrykke seg fritt, så lenge dette ikkje kjem i konflikt med ein tvingande statleg interesse.

Med bakgrunn i dei allereie lekne Snowden-dokumenta meiner Microsoft at det ikkje lenger finst nokon statleg interesse som kan rettferdiggjere straffeforfølging av Microsoft dersom dei kjem med sin versjon av saka.

Hevdar NSA ikkje har nokon bakveg

Microsoft har også skrive ein blogg der dei svarar på Snowden-avsløringane. Så langt dei kan. Selskapet skriv at dei ikkje har noko val når det kjem til rettskjenningar om å utlevere informasjon om spesifikke konti.

Men dei slår fast at dei ikkje gir styresmaktene direkte tilgang til alle e-postar og private meldingar som blir sendt og mottekne i Microsoft-systemet.

(artikkelen held fram)

NSA

Amerikanske styresmakter har så langt etter Snowden-avsløringane nekta alle teknologiselskapa å snakke om kor omfattande NSA-samarbeidet er.

Foto: HO / AFP

Stor siger til Yahoo

Også teknologiselskapet Yahoo har engasjert seg i den same saka etter Edward Snowden-avsløringane. I går vann dei fram ei sak i ein hemmeleg amerikansk domstol der Obama-administrasjonen no må publisere ein hemmeleg rettskjenning frå 2008 der PRISM-programmet vart rettferdiggjort.

Denne kjenninga kan kaste meir lys over korleis retten har kome fram til at NSA skal få høve til å spionere på kommunikasjonen mellom folk på kommunikasjonstenester som Facebook og Gmail, skriv Reuters.

Det er den hemmelege Foreign Intelligence Surveillance Court som har ansvar for å oversjå den kontroversielle NSA-overvakinga. Yahoo retta seg mot denne rettssalen kort tid etter dei første Snowden-avsløringane i avisene Washington Post og The Guardian.

– Viktig førstesteg

Sjølv om det framleis er uvisst kor mykje dokumenta vil vise, så er det er ein prinsipiell viktig siger for borgarrettsforkjemparane.

– Dette er eit viktig førstesteg på vegen. Viss ikkje offentlegheita veit kva lova betyr, kan ein ikkje styre kor mykje makt ein gir styresmaktene, seier Patrick Toomey i Den Amerikanske Borgarrettsforeininga (ACLU).

Yahoo er også svært glad for at dokumenta vil bli publisert, noko dei meiner vil vere viktig for debatten om privatlivets fred i USA.

– Når desse dokumenta blir offentleggjort så trur me dei vil bidra konstruktivt til den pågåande debatten om privatliv på nettet, seier Yahoo.

Andre internettselskap, som Google og Facebook, starta deltakinga i PRISM-programmet tidleg i 2009, året etter Yahoo. Desse selskapa har også spurt styresmaktene om lov til å snakke om omfanget av overvakinga.

SISTE NYTT

Siste nytt