NRK Meny
Normal

Michelle Bachmann "okkupert" under valarrangement

Den republikanske presidentkandidaten var i dag offer for Occupy Wall Street-rørsla.

Midt under eit tilsynelatande vanleg valkamparrangement i delstaten South Carolina vart den republikanske presidentkandidaten Michelle Bachmann teken på senga av rundt 20 demonstrantar som identifiserte seg med Occupy Wall Street-rørsla.

– Du ønskjer å splitte amerikanarane, og du påstår at dei som er ueinige med deg er upatriotiske sosialistar, var eit av utsegna demonstrantane kom med.

Rørsla forlot bygningen etter kort tid, og ingen av dei vart arresterte.

Sinnet mot Bachmann kan truleg forklarast i nokre negative utsegn presidentkandidaten kom mot Occupy-rørsla for nokre dagar sidan. Ho skulda rørsla for å hengje ut forretningsmenn.

– Ein minoritet kalla Occupy Wall Street trur at problemet i landet vårt er kapitalisme og den frie marknaden. Det er feil. Problemet er at staten gjer ting som ikkje er lov i følgje Grunnlova, og ifølgje vanleg moral.

– Dei treng å vakne opp og slutte å skulde på forretningsmenn for problema laga av politikarar som gir og tenester til lobbyistar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt