Hopp til innhold

Metro-bomber i Kairo var bløff

Dei to udetonerte bombene som blei oppdaga på spora ved ein t-bane-stasjon sør i Kairo torsdag morgon, viste seg å vera falske.

Protestar mot hæren i Egypt

Den valdelege uroa i Egypt held fram etter styrtinga av presidenten Mohamed Morsi i juli i år. Tysdag var det kraftige demonstrasjonar mot hæren i Dalga, sør for Kairo.

Foto: Manu Brabo / Ap

Bombene blei funne 100 meter frå Helmeyet el-Zaytoun-stasjon nordaust i Kairo. Ifølgje det statlege nyheitsbyrået kom bombeekspertar raskt til staden og uskadeleggjorde to «primitive sprengladningar».

Kort tid etterpå opplyser ein talsperson for innanriksdepartementet at det heile var ein bløff.

Innretningane var «laga for å sjå ut som bomber, men inneheldt ikkje sprengstoff», seier taspersonen til nyheitsbyrået AFP.

Fleire t-banelinjer i den egyptiske hovudstaden er no stengde. Bombeekspertar er på veg til området for å gjennomsøka staden for spor etter meir sprengstoff, ifølgje tryggingskjelder.

Tåregass og dødeleg skyting

Tryggingsstyrkar starta torsdag morgon ein offensiv mot militante grupper i Kerdash-nabolaget i utkanten av Kairo. Styrkane storma området for å pågripa etterlyste som er skulda for opptøyar og drap på 11 politifolk då presidenten Mohamed Morsi blei styrta i juli i år.

– Operasjonen har som mål å reinska landsbyen for terror-element, seier ein anonym tenestemann til nyheitsbyrået AFP.

Dei skal med støtte frå helikopter ha klart å omringa nabolaget. Soldatane på bakken brukar tåregass og skytevåpen i samanstøytane torsdag morgon.

Éin politimann skal vera drepen.

SISTE NYTT

Siste nytt