NRK Meny
Urix forklarer

Merkels triumf

2017 kan bli Angela Merkels store år – igjen. I dag er Emmanuel Macron i Berlin.

Angel Merkel smiler

Angela Merkel har grunn til å smile. Dersom ho vinn valet, vil ho framleis kunne dominere europeisk politikk.

Foto: Michael Sohn / AP

Merkels kristelegdemokratiske parti (CDU) vann i går valet i Tysklands største delstat. Det gjer henne til storfavoritt før forbundsdagsvalet i september.

Vinn ho sitt fjerde val på rad, vil ho tangere sin læremeister Helmut Kohl. Og ho vil kunne halde fram med å dominere europeisk politikk.

Tre sigrar av tre mogelege

Kristelegdemokratane (CDU) har vunne tre av tre mogelege delstatsval i Tyskland denne våren. Først Saarland i sør, så Schlezwig Holstein i nord, før den store styrkeprøven heilt i vest no i helga; Tysklands mest folkerike delstat Nordrhein Westfalen med 18 millionar innbyggjarar.

Utfordraren ser ut til å ha mista vinden han hadde i segla.

Sosialdemokratane slit

Martin Schultz

Tapet i Nordrhein Westfalen var bittert for Martin Schulz.

Foto: Olivier Matthys / AP

Martin Schulz, tidlegare president i Europaparlamentet, blei klappa fram som dei tyske sosialdemokratane (SPD) sin redningsmann på landsmøtet i vinter.

Schulz-effekten gav oppsving på meiningsmålingane, og det såg ut til at SPD kunne gi Merkel ei reell utfordring i forbundsdagsvalet.

Derfor var tapet i Nordrhein Westfalen dobbelt bittert for Martin Schulz. Både fordi han er frå Nordrhein Westfalen, og fordi denne industridelstaten har vore sosialdemokratisk heimebane i heile etterkrigstida.

EUs nye ansikt

2016 var året for politiske jordskjelv. I USA – men også i Europa. Trump og Brexit. Den store uvissa hadde sett seg ved inngangen til det nye året. Ville EU gå i oppløysing?

No har vi fått nokre svar; Konservative Mark Rutte vann valet i Nederland, den ytterleggåande Gert Wilders nådde ikkje målet om å bli største parti. Sentrumskandidaten Emmanuel Macron vann presidentvalet i Frankrike, Le Pen måtte gi tapt i siste runde.

Med Macron i Berlin i dag har Merkel besøk av sin viktigaste partnar på den europeiske scena framover.

Ytre høgre utfordrar framleis

Og det ligg store utfordringar føre. Som langt frå er løyst med utfallet i dei europeiske vala så langt i år; Brexit, tryggleik og migrasjon for å nemne noko. Og EU-kritiske parti på ytre høgre fløy som har vakse seg stadig sterkare dei siste åra.

Også i Tyskland har eit EU- og innvandringskritisk parti vakse fram. Til høgre for Merkels konservative CDU. Alternativ for Tyskland fekk knappe åtte prosent oppslutning i delstatsvalet no i helga. Partiet kjem også til å gjere seg gjeldande i det nasjonale valet i september.

Men det rokkar ikkje ved Merkels favorittstempel.

Frå DDR til BRD

Forbundsrepublikken Tyskland har tradisjon for ikkje å bytte regjeringssjef i utide. Austtyske Angela Merkel kan bli den lengstsitjande av dei alle. Ikkje dårleg for ei som berre har levd halve livet i eit parlamentarisk demokrati.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt