Hopp til innhold
Urix forklarer

Merkels store krise

Den store europeiske krisehandteraren har havna i ei knipe der hennar eiga politiske framtid ligg i potten

GERMANY-POLITICS-PARTIES-GOVERNMENT

Sammenbruddet i regjeringsforhandlingene - en dyp krise og en stor skuffelse for Angela Merkel.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Ingen har prega utviklinga i Europa dei seinare åra sterkare enn Angela Merkel.

Ho har gjort det gjennom handteringa av ei rekke store kriser; eurokrise, statsgjeldskrise, Ukraina-krise og flyktning- og migrantkrise.

Men etter samanbrotet i regjeringssamtalane i Tyskland er det ikkje heilt enkelt å sjå vegen vidare.

Uvillige partnarar

I sju veker har Merkels konservative allianse (CDU/CSU) hatt samtalar med dei liberale Fridemokratane (FDP) og Dei Grøne.

GERMANY-POLITICS/

Merkels CDU og søsterpartiet CSU i Bayern greide ikke å komme til enighet med De grønne og Fridemokratene om en regjeringsplattform.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

I natt braut det saman - mellom anna på grunn av usemje i miljøpolitikken og flyktningpolitikken.

Inntil vidare styrer Merkel med koalisjonspartneren frå dei siste fire åra Sosialdemokratane (SPD) - eit parti som vil ut av regjering og posisjonen som juniorpartner for Merkel. Så kva er alternativa?

Alternativa

Mindretalsregjering er tenkeleg. Men det er altså ikkje tradisjonen i forbundsrepublikken og bringer tankane tilbake til mellomkrigstida og dei svake og stadig skiftande regjeringane i Weimar-republikken.

Merkel kan prøve å få samtalane igang igjen med Fridemokratane og Dei Grøne, eller fri til dagens sosialdemokratiske regjeringspartnararar. Men sosialdemokratanes leiar gjer det klart at han heller vil ha nyval enn å bli værande i koalisjon med Merkel.

Fleirtalsregjeringar er tradisjonen i Tyskland, men med samanbrotet i natt synes altså fleirtalsalternativa å være uttømt.

Nyval?

Nyval er eit alternativ. Men dei store partia fryktar nok konsekvensane av eit nyval, på trass av signala frå sosialdemokratane. Både den konservative alliansen til Merkel og sosialdemokratane gjorde dårlege val, og risikerer å bli enda svakare.

GERMANY-VOTE-MERKEL

To måneder etter det tyske forbundsdagsvalget ser det ut til at Angela Merkel har mislyktes i å skaffe Tyskland en ny regjering.

Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

Høgrepopulistane i Alternativ for Tyskland, som ingen vil samarbeide med, fekk nær 13 prosent av stemmene i september, og kan kome til å styrke seg ytterlegare.

Faren er dermed stor for at det vil bli endå vanskelegare å stable ei regjering på beina etter eit nyval.

Brussel følger med

Dermed er Angela Merkel inne i si største politiske krise. Brussel og andre europieske hovudstadar følger spent med.

President Macrons kontor uttalar at Frankrike ønskjer eit sterkt og stabilt Tyskland.

Spørsmålet som stillast er: Vil den store politiske spelaren på den europeiske scena dei siste tolv åra være i stand til å finne ein veg ut av også denne knipa? Eller er det starten på slutten for verdas mektigaste kvinne.

SISTE NYTT

Siste nytt