Delar av talen, som blir kringkasta tysdag kveld i Tyskland, vart gjort kjent seint måndag kveld. Der seier Merkel at ho kjempar mot klimaendringane «med all si kraft» for å sikre framtida til dei kommande generasjonane, skriv Reuters.
– Global oppvarming er verkeleg. Ho er truande. Aukande temperaturar og problema utløyst av dette er alle menneskeskapte, seier Merkel.
– Eg er 65 år og i ein alder der eg personleg ikkje lenger vil erfare alle konsekvensane frå klimaendringane som vil hende dersom politikarar ikkje handlar no, sa statsministeren vidare.
Ho la til at det er barna og barnebarn som må leve med konsekvensane dersom ikkje noko no blir gjort.
– Derfor bruker eg all min styrke på for å sikre at Tyskland gjer sitt bidrag, økologisk, økonomisk og sosialt for å vinne kontroll over klimaendringane.
Statsministeren seier det framleis er håp om å overvinne problema, og at alle må gjere det dei kan. Ho utfordrar innbyggjarane i Tyskland til å tenke utanfor vante rammar og til å prøve nye ting raskare.