NRK Meny
Normal

Merkel: – Flyktningkrise kan utløyse militærkonflikt

Dårleg handtering av flyktningkrisa kan utløyse ein ny militærkonflikt på Balkan, åtvarar Tysklands statsminister Angela Merkel.

Serbia Migrants

Kroatia prøvde å blokkere grensa til Serbia i september. Utan hell. Serbiske styremakter var rasande da det for det meste gjekk ut over tungtransport. Angela Merkel meiner det er farleg å la slike kranglar utarte.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

GERMANY-EUROPE-MIGRANTS-GOVERNMENT

Merkel får kritikk for sin liberale flyktningpolitikk av partifelle Horst Seehofer (til venstre). Merkel på si side meiner ho gjer det einaste rette for å europeisk stabilitet.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / Afp

Det var i ein tale til Merkels kristendemokratiske parti CDU at ho kom med den skarpe åtvaringa, skriv The Independent.

– Ein militærkonflikt på Balkan kan bli løyst ut som følgje av ein kjedereaksjon som startar på heimebane, fryktar ho.

Merkel får hard kritikk av partifelle og ministerpresidenten i Bayern, Horst Seehofer, for sin liberale flyktningpolitikk.

Bayern er inngangsporten til Tyskland, og den delstaten som har teke i mot flest migrantar.

flyktninger presser på til Østerrike.

Grensepolitiet i Austerrike mista kontrollen førre veke.

– Farleg å stenge grensene

Merkel viser til kva som kan skje dersom ho gir etter for press frå koalisjonspartnarar og stenger grensa til Austerrike permanent.

– Det vil utløyse ein motreaksjon, seier Merkel, og viser til krigane som herja på Balkan på 1990-talet.

Ungarn har allereie stengd store deler av si sørlege grense med piggtrådgjerde, noko som tvingar migrantane til å ta vegen om Kroatia og Slovenia.

Begge desse landa seier at dei vurderer å bygge grensegjerde, men at dette er siste utveg.

Hungary Migrants

Ein ungarsk soldat reiser siste del av gjerdet mot Kroatia i oktober.

Foto: Gyorgy Varga / Ap

Nabokrangel på Balkan

Da det ungarske gjerdet var på plass, reagerte Kroatia først med å blokkere motorvegen til Serbia for å stoppe flyktningane som strøymde inn.

Dette førte til ein heftig krangel med Serbia, som meinte dei einaste som vart hindra var serbiske langtransportsjåførar.

Det hjalp ikkje at sentrum for striden låg i eit område der dei verste kampane mellom dei to landa hadde rast på 90-talet.

Kroatiske myndigheiter gav etter kvart opp å stoppe flyktningane, og byrja å frakte dei i bussar til Slovenia. Noko som førte til ein ny ordkrig.

Laster Twitter-innhold

No blir det rapportert at flyktningar og migrantar er observert i Bosnia. Dette bringer enda ein tidlegare jugoslaviarepublikk inn i spelet som foregår rundt handteringa av flyktningstraumen på Balkan.

Albania fryktar gammal flyktningrute vil bli gjenopna

Statsminister Edi Rama seier han trur flyktningane vil kome til Albania i vinter. Otranto-stredet vart brukt av albanske migrantar som flykta frå kommunistregimet på 90-talet.

I seinare tid har det 72 kilometer smale stredet vore ei populær rute for narkotikasmuglarar.

Skulle det bli bygd fleire gjerder på Balkan, kan dette bli neste rute for dei mange som er på reise til Europa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt