NRK Meny
Normal

Merkel krev forklaring på meldingar om russisk innmarsj i Ukraina

Angela Merkel ringde til Vladimir Putin i kveld og bad om ei forklaring på meldingar om at russiske soldatar har gått inn i det austlege Ukraina.

Demonstrantar i Kiev ropar slagord.

Demonstrantar ropar slagord utanfor presidentbygningen i Kiev. Dei krev at det ukrainske militæret skal hjelpe ukrainarar som er omringa av prorussiske separatistar aust i landet.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Ukrainske styresmakter opplyser at russiske soldatar har oppretta eit hovudkvarter søraust i Ukraina. Det skal vere snakk om ein taktisk bataljon frå Russland, som har oppretta ein base nær landsbyen Pobeda, rundt 50 kilometer sør for Donetsk.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel gjorde det klart overfor den russiske presidenten har eit stort ansvar for å roe ned situasjonen i det austlege Ukraina, seier talsmannen hennar Steffen Seibert. Også USA har retta hard kritikk mot Russland etter meldingane.

– Betre grensekontroll

Angela Merkel og Vladimir Putin.

Angela Merkel og Vladimir Putin har hatt eit godt forhold. her frå eit møte i Rio de Janeiro i juli i år.

Foto: RIA Novosti / Reuters

Ho la også vekt på at Russland må sørgje for skikkeleg kontroll av grensa til Ukraina, slik at militært utstyr og soldatar ikkje kan ta seg over frå Russland. Det er førebels uklart kva reaksjonen til Putin var.

For nokre dagar sidan vart ei gruppe russiske fallskjermsoldatar arresterte inne på ukrainsk område. Forklaringa frå Russland var då at soldatane hadde patruljert grenseområdet og teke seg inn i nabolandet ved ein feil.

– Dersom den taktiske gruppa nær Pobeda også har gått seg bort og hamna på ukrainsk territorium, kan vi berre minne dei om at dei returnere til Russland ved å gå austover, er den ironiske kommentaren frå talsmann for den ukrainske hæren, Andrij Lysenko.

– Soldat tilstod

I kveld opplyser den ukrainske tryggingstenesta SBU at dei har arrestert ein 19 år gammal russisk soldat, som høyrer til ein motorisert brigade i den russiske hæren. SBU seier at soldaten har tilstått at avdelinga hans leverer militært utstyr til ukrainske opprørarar, inkludert Grad-rakettar og pansra køyretøy.

Russland har heile tida nekta for at russiske soldatar er inne i Ukraina, og har også avvist alle påstandar om at landet leverer militært utstyr til dei prorussiske opprørarane i det austlege Ukraina.

Det ukrainske militæret hevdar at ein stor kolonne med russiske stridsvogner, soldatar og tunge våpen i dag kryssa grensa inn til Ukraina. Det skal vere snakk om opptil 100 stridsvogner og pansra køyretøy, pluss rakettutskytingsutstyr.

Kolonnen skal ha vore på veg til byen Telmanove, rundt 80 kilometer sør for den opprørskontrollerte byen Donetsk og to mil frå den russiske grensa.

Medlemer av ei ukrainsk sjølvforsvarsgrupppe nær Donetsk.

Ei ukrainsk sjølvforsvarsgruppe på ein kontrollpost i byen Novoazovsk i Donetsk-regionen.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

– Prorussisk motoffensiv

USAs ambassadør til Ukraina, Geoffrey Pyatt, skriv i ei melding på Twitter at dei siste meldingane om russiske stridsvogner, som kryssar grensa til Ukraina, kan tyde på at ein russisks-styrt motoffensiv mot dei ukrainske regjeringsstyrkane er på gang.

Det russiske nyheitsbyrået Interfax melder at opprørarane har framgang i kampen mot ukrainske regjeringsstyrkar. Rundt 130 ukrainske soldatar skal ha overgitt seg til opprørarane i Starobesjevo-distriktet, ifølgje kommandantar i opprørsstyrkane.

Det har også kome meldingar om at regjeringssoldatar skal vere jaga frå eit viktig trafikknutepunkt i området.

– Ikkje Russlands ansvar

Russlands president Vladimir Putin møtte i går sin ukrainske kollega Petro Porosjenko i Minsk i Kviterussland, men møtet mellom dei to greidde ikkje å minske spenninga landa.

Putin sa etter samtalane at det ikkje er eit russisk ansvar å stanse konflikten , og at Russland ikkje har noko ansvar for sjølve konflikten. Ukraina må sjølve rydde opp, sa Putin blant anna.

LES OGSÅ: – Var et skrekkregime her under separatistene

LES OGSÅ: Redd for hva de har i vente

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt