Hopp til innhold

Menneskerettsaktivist i Kina dømd

Kina har dømt ein menneskerettsaktivist til 18 månedar med tvangsarbeid etter at ho organiserte ein underskriftskampanje med krav om demokratiske reformer.

Kina
Foto: PETER PARKS / AFP

55 år gamle Liu Jie, som vart pågripen midt i oktober, vart funnen skuldig i å ha «forstyrra det sosiale systemet» og er dømd til såkalla «omskulering gjennom arbeid».

Det opplyser menneskerettsorganisasjonen China Human Rights Defenders.

Ville ha garden tilbake

Liu byrja å engasjera seg etter at styremaktene i Heilongjiang-provinsen tok frå henne garden der ho dreiv mjølkeproduksjon.

Etter å ha tapt kampen mot dei lokale styremaktene, samla 55-åringen støtte hjå likesinna og reiste til Beijing med tusenvis av underskrifter i bagasjen.

Samstundes anklaga ho styremaktene i heimprovinsen for korrupsjon. Det resulterte i at ho vart pågripen.

– Liu gav uttrykk for synet sitt og organiserte medborgarar for å klaga til styremaktene på fredeleg vis, seier China Human Rights Defenders.

SISTE NYTT

Siste nytt