Hopp til innhold

Mennene bak lås og slå i Haag

Eit viktig signal gjekk ut til verdas potensielle krigsforbrytarar førre torsdag: «Det står ei celle i Haag og ventar på deg!»

Fengselet Scheveningen i Haag

Helikopteret med general Ratko Mladic på veg til landing utanfor fengselet Scheveningen i forrige veke.

Foto: JERRY LAMPEN / Reuters

Det må være ei underleg stemning i bade- og turistbydelen Scheveningen i Haag.

Der puslar dei rundt kvarandre. Gjennomsnittsalderen er 57 år. Det dei har til felles, er at dei er krigsforbrytartiltalte. Ei heil eiga avdeling er oppretta for tiltalte frå det tidlegare Jugoslavia.

Men dei er ikkje delte opp etter etnisitet, slik dei delte opp Jugoslavia etter etniske skilleliner.

Celle i fengselet Scheveningen

Det er ikkje store plassen dei en gong så mektige menn skal tilbringe alderomen på.

Foto: HO / Afp

Nei, i Scheveningen-fengselet lever dei under same tak. Flest serberar, men også kroatar, bosniakkar og albanarar her vore inom der i kortare og lengre tid. Katolikkar, ortodokse og muslimar samla før dei etter eventuell dom blir sendt andre stadar for soning av straffa.

Men i Scheveningen blir dei behandla med det for auget at dei kan være uskuldige.

Celledørene ut til fellesareala er opne 12 timar i døgnet. Her vaskar dei kleda sine i fellesskap, og dei lagar mat.

Gamle kjende

Det er til denne avdelinga den serbiske general Ratko Mladic blir overførd etter nokre obligatoriske dagar i isolasjon.

Ein av dei første han vil treffe der, er kampfellen sin frå krigen i Bosnia, den bosnisk-serbiske presidenten Radovan Karadzic som blei arrestert og utlevert i 2008.

Er han i form til det, kan han slå eit slag ping-pong med sin gamle våpendragar Vujadin Popovic, allereie dømd til livstid for massakren i Srebrenica.

Men serbaren Mladic kjem og til å støte på sin gamle fiende Ante Gotovina, kroatisk general, nyleg dømd til 24 års fengsel for krigsbrotsverk mot serbarar - kanskje eit slag sjakk?

Ratko Mladic

Ratko Mladic

Foto: Martin Meissner / Reuters
Vujadin Popovic

Vujadin Popovic

Foto: Lex van Lieshout / Ap
Vojislav Seselj

Vojislav Seselj

Foto: TOUSSAINT KLUITERS / AFP
Ante Gotovina

Ante Gotovina

Foto: ED OUDENAARDEN / Afp

Den serbiske ultranasjonalisten Vojislav Seselj er også på denne avdelinga. Frå fengselscella har han i årevis styrt eit av Serbias største parti. Han er nasjonalist og har offentleg uttalt at han hatar kroatar - spelar han også ping-pong med kroaten Gotovina?

Det var også her eks-president i Serbia Slobodan Milosevic sat, Balkans sterke mann gjennom heile 1990-talet, inntil han døydde på cella i 2006.

Ein nasjonalitet under Tito

Med unntak av albanarane, er alle folkegruppene i det tidlegare Jugoslavia slavarar. Jugoslavia betyr «Sør-Slavia».

Med små nyansar snakkar dei det same språket, og bortsett frå ulik religiøs tilknyting er dei ikkje mogleg å skilje frå kvarandre på utsjånaden. Og for å komplisere biletet ytterlegare, var folket i Jugoslavia gifte på kryss og tvers av etniske og religiøse skilje gjennom heile etterkrigstida.

Det var også eineherskaren Titos politiske mål, den jugoslaviske identiteten skulle styrkast, ikkje den serbiske, kroatiske og bosniske.

Eg har sjølv ei veninne i Serbias hovudstad Beograd med bosnisk-muslimsk mor og kroatisk far. Ho har i dag tre ulike pass.

Delar lagnad

Så ikkje å undrast då kanskje at fangevaktarane observerar, om ikkje venskap på tvers, så iallefall ein respektfull omgang på Jugoslavia-avdelinga i fengselet i Haag. Ei slags felles forståing mellom menn i same posisjon som deler lagnad.

Den tidlegare liberianske presidenten Charles Taylor ser dei nok mindre til, men han er der han også. For også Den internasjonale straffedomstolen (ICC) disponerer fleire celler i Scheveningen-fengselet. Taylor har selskap av krigsforbrytarar frå Kongo og Rwanda, for å nemne nokre.

Eg er også overtydd om at Libyas Muammar al-Gaddafi har merka seg arrestasjonen av Ratko Mladic i Serbia.

For det står ei celle og ventar på han i Haag.

SISTE NYTT

Siste nytt