USA i resesjon sender meksikanarane heim

For første gang på fleire tiår vender ulovlege meksikanske immigrantar i USA heimover til Mexico. Den amerikanske draumen har blitt knust av resesjon og tøffare sanksjonar.

Meksikanske innvandrarar

Fem månadar gamle Zury stirrar på mora si Jeanette Vizguerra, som er ein av stadig fleire ulovlege meksikanske innvandrarar som ikkje lenger ser noko håp i USA.

Foto: JOHN MOORE / Afp

Frå 1970-talet har rundt 12 millionar meksikanske innvandrarar strøyma over den amerikanske grensa, i hovudsak til grensestatane California, Arizona og Texas.

Men den sviktande amerikanske økonomien og tøffare sanksjonar mot ulovlege innvandrarane har gjort at den amerikanske draumen ikkje på langt nær verkar like freistande som før.

Reversert dei siste to åra

Ein studie gjennomført av det uavhengige instituttet Pew Hispanic Center, viser at innvandringa begynte å bremse opp for fem år sidan, og kan ha begynt å bli reversert dei siste to åra.

– Det ser ut som at nedgangen er et resultat av fleire faktorar, men den dårlege jobbmarknaden og nedgangen i byggjebransjen er blant dei viktigaste, står det i rapporten.

Det er estimert at rundt 6,1 millionar ulovlege meksikanske innvandrarar budde i USA i 2011, ned frå den førebelse toppen 2007, då talet var 7 millionar.

Dette er den største nedgangen i den meksikansk-fødde befolkninga i moderne historie, med unntak av under depresjonen på 1930-talet.

Auka fare å krysse grensa

Ein annan viktig årsak til nedgangen er eit fall i føderaten i Mexico, og den auka faren det medfører å krysse grensa.

Christian Ballesteros bur på ein heim for immigrantar i byen Matamaros i Mecivo, og kan stadfeste at trenden har snudd. Han seier til nyheitsbyrået AP at strengare sanksjonar frå grensepolitiet i USA og at kriminelle kartellgrupper i Mexico har gjort det farlegare en nokon gong å krysse grensa.

– Dei meksikanske kartella får stadig meir makt, og dei fungerer som eit slags grensepoliti på meksikansk side.

– Dei truar med å halshogge deg dersom du ikkje betalar dei pengar. Det er det aller, aller verste som kan skje seg, seier Ballesteros.

Grenseovergang Mexico

Det har aldri vore så vanskeleg å krysse grensa til USA. Det nye er at det no også er farar på den meksikanske sida, i form av narkotikakartell.

Foto: MARK RALSTON / Afp

Ballesteros har sjølv blitt deportert fire gonger frå USA, og var nyleg teken etter å ha hoppa over eit grensegjerde nær Arizona. Det førte til at han vart sendt til eit fengsel i Las Vegas, der han måtte bli verande i 2,5 månad før han blei deportert. Dersom han blir teken av grensepolitiet igjen fryktar han det kan bli seks månader.

– Å miste pengar er ein ting, men dersom du tapar tid finst det ingen måte å få den tilbake på.

– Strenge lovar har effekt

Framleis utgjer meksikanarane den soleklart største innvandrargruppa i USA, med heile 29 prosent. På ein fjern andreplass er indarar, som står for berre 4,5 prosent av innvandrarane. Men dette inkluderer likevel berre dei som har lov til å bu i landet. Blant dei ulovlege innvandrarane utgjer meksikanarane heile 58 prosent.

Steve A. Camarota er forskingsleiar ved Senteret for Innvandringsstudiar i Washington, DC, og meiner dei strengare innvandringslovene i mange delstatar har hatt ein openbar effekt.

– Innvandring er ikkje som vêret. Det er noko som ein kan forandre. Økonomien er dårlegare, men sanksjonane mot dei ulovlege innvandrarane er også tøffare. Det gjer at dei må revurdere om det er verdt å krysse grensa, seier Camarota.

Heitt tema i valkampen

President Barack Obama har lenge lova å få gjennomført ein omfattande innvandringsreform som innebærar anna strengare grensekontroll, samtidig som dei ulovlege innvandrarane som er i landet skal få betre oppfølging, men han har så langt ikkje gjort noko med dette.

Republikanarane sin sannsynlege presidentkandidat Mitt Romney, vil derimot køyre ein tøffare linje mot innvandrarane. Han støttar til dømes den kontroversielle innvandringslova i Arizona, som seier at alle utlendingar som er i USA meir enn 30 dagar må bere med seg papir frå styresmaktene til ein kvar tid.

Det er sannsynleg at spansktalande amerikanarar, som utgjer 16 prosent av befolkninga, vil ha ein nøkkelrolle i presidentvalet i november.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt