Hopp til innhold

Meir religiøs uro i Nigeria

Minst ein person er drepen i uro i den nigerianske byen Jos i dag, etter fleire bombeangrep mot handlegater og kyrkjer julaftan.

Sju kraftige eksplosjonar i Jos julaftan.

Øydeleggingane etter dei sju eksplosjonane i Jos julaftan var store.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Mange hus er sette i brann i uroa mellom kristne og muslimar i Jos i dag, oplyser ein talsmann for poltiet. Ein AFP-korrespondent i byen fortel at han har sett grupper av menneske springe i stor fart gjennom sentrumsgatene.

Fleire hus i brann

Han seier at han har sett to hus stå i brann, og at det veltar røyk opp også andre stader i byen.

Det skal ha roa seg noko etter at store politistyrkar rykte innn i byen i ettermiddag norsk tid, seier polititalsmannen.

Øydelegging etter eksplosjonar i Jos julaftan.

Jos vart ramma av sju kraftige eksplosjonar seint julaftan.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Julaftan vart minst 32 menneske drepne og 74 såra i sju eksplosjonar i Jos, blant anna mot minst ei kyrkje. I ein by lenger nord vart to kyrkjer sette i brann, og vart minst seks menenske drepne.

Pave Benedikt XVI talar på Petersplassen

Pave Benedikt XVI ber om forsoning i staden for valdsbruk mellom kristne og muslimar.

Foto: Andrew Medichini / Ap

Det har også tidlegare vore harde samanstøytar mellom kristne og muslimar i Jos og området rundt. Dette er rekna som eit grenseområdet mellom det kristne Sør-Nigeria og det muslimske Nord-Nigeria.

- Fredelege løysingar

Ein talsmann for styresmaktene sa i går at målet med angrepa julaftan var å spele kristne og muslimar opp mot kvarandre.

I ein tale til pilegrimar på pilegrimar på Petersplassen i Roma i dag tok pave Benedikt XVI sterk avstand frå angrepa på kristne i Nigeria, Filippinane og i Pakistan dei siste dagane.

- Eg vil uttrykkje mi djupaste sorg over dei menneska som har mist livet i desse absurde valdshandllingane, og eg tek opp att at det no er naudsynt å stanse bruken av vald og i staden leite etter fredelege løysingar på konfliktar, sa paven blant anna i talen sin.

SISTE NYTT

Siste nytt