Muslimar i Asia vil halde på trua, men fryktar for livet

I Myanmar og India vert muslimar diskriminerte og forfulgt av religiøse ekstremistar. Større ytringsfridom og meir demokrati har ført til harde religiøse motsetnader og vald mot minoritetar.

MYANMAR-RELIGION-RIGHTS

Ein ung myanmarsk demonstrant vert frakta bort etter muslimar har protestert mot innskrenking av rettane deira.

Foto: Soe Than WIN / Afp
MYANMAR/ Buddhist monk Wirathu, leader of the 969 movement, talks to media during Venerable U Uttara's hearing at Tarmway court in Yangon

Wirathu, i midten, er leiar for den nasjonalistiske ekstremistgruppa 969, og har tidlegare vore i fengsel grunna hans trugslar mot den muslimske minoritetetn i Myanmar.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters
Malaysia Myanmar Riot

Muslimar frå Myanmar under ein demonstrasjon i Malaysia. Dei protesterer mot angrepa på den muslimske minoriteten i heimlandet.

Foto: Lai Seng Sin / Ap
APTOPIX Myanmar Riot

Etter kampar mellom buddhistar og muslimar i Meikhtila har mange bygningar blitt lagde i grus.

Foto: Khin Maung Win / Ap
MYANMAR-UNREST/ Relatives stand near the body of Tun Tun, a 36-year-old funeral bus driver killed in a recent riot, at a cemetery in Mandalay

Den 36 år gamle muslimske bussjåføren Tun Tun døydde i religiøse samanstøytar i fjor. Her tek hans slektningar eit siste farvel.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters
INDIA-MUSLIMS/ A Muslim man uninstalls a light from a temporary tent in front of a mosque in the Muslim dominated area in Ahmedabad

Nærast 15 prosent av folket i India er muslimar. Her frå moskeen i Ahmedabad i vest-India.

Foto: AHMAD MASOOD / Reuters
INDIA-ECONOMY-BUDGET-JAITLEY

Narendra Modi, statsminister i India, er skulda for å ha bidratt til eit attentat på muslimar i India. Mange har frykta at det no skal bli verre for religiøse minoritetar i det store landet.

Foto: PRAKASH SINGH / Afp
INDIA-UNREST-ATTACKS-FILES

I 2002 vart rundt 2.000 muslimar drepne i ei massakre i Gudjarat-regionen. Noverande statsminister, Narendra Modi, er skulda for å bidra til massakren. Biletet er frå 2002, og synar nokre av dei drepne muslimane.

Foto: SEBASTIAN D'SOUZA / Afp

«969» er namnet på ei buddhistisk nasjonalistrørsle som held til i Myanmar.

Rørsla si leiar, Wirathu, har vore dømd til 25 år i fengsel for hatefulle ytringar mot muslimar, men etter at han fekk amnesti i 2010 har «969» vakse seg kraftigare og gruppa vert no skulda for valdelege handlingar mot muslimar i Myanmar.

«969» vil samle Myanmar

Sjølv hevdar Wirathu at han berre er ute etter fred.

– Me prøver å skape ein felles plattform der me alle kan leve saman. Om dei bur i dette landet, så må dei vere lojale til folket og staten. Då kan me alle bu her saman. Men det vil me ikkje kunne om dei held fram slik som no, har Wirathu sagt til BBC.

Dei som Wirathu snakkar om er den muslimske minoriteten, og det er deira forsøk på å praktisere sin eigen religion som har fått han og resten av «969» til å ty til vald og hatefulle ytringar. I tillegg har dei funne støtte hos myanmarske styresmakter, mellom anna landets minister for religion.

«969» har også nyleg kome med eit lovforslag som for tida er inne til høyring, der det skal bli ulovleg å skifte religion, og å inngå ekteskap på tvers av religiøse grupper.

Målet med lova er «å beskytte landets rase og religion», seier 969.

Fryktar forverring også i India

Leiaren for verdas største demokrati heiter Narendra Modi, og det har han vore sidan mai. Då han vart kåra til valvinnar i India var det mange muslimar som frykta for kva følgene kunne bli for dei, for Modi har inga bra rulleblad når det kjem til muslimar.

LES OGSÅ: Historisk valgseier i India

LES ANALYSE: Derfor frykter Indias muslimer ny statsminister

Indias statsminister er mistenkt for å ha trukke i trådane då rundt 2.000 muslimar vart likviderte i 2002. Massakren skjedde i løpet av få dagar i Gujarat, regionen der Modi var guvernør, og USA og Storbritannia var blant landa som har nekta Modi innreise som følgjer av mistanken.

Hendinga vart aldri etterforska eller rettsforfulgt. Modi har hardnakka hevda si uskuld, og då han vart spurt om kva han tenkte om det som hadde skjedd samanlikna han det heile med å sjå at nokon kjører over ein kvalp. For det er jo også trist å vere vitne til.

Modi representerer Bharatiya Janata (BJP), eit politisk parti som har sitt utspring frå Rashtriya Swayamsevak Sangh (SSR), ei militarisert hindunasjonalistisk gruppe. I likskap med 969 har også denne gruppa tydd til hatefulle ytringar og nedsettande omtale av muslimar.

– Inspirert av Europa

– Det er nokre likskapstrekk mellom RSS og «969». Dei er ekstremistiske rørsler som bygger på nasjonalisme og religion, høvesvis hinduismen og buddhismen. Dei meiner at ein stat bør ha éit språk, éin religion og vere éit folk, og dei oppmodar begge til vald og kjem med hatefulle utsegn, seier menneskerettsrådgjevar Kristin Storaker i Stefanusalliansen, ein organisasjon som jobbar med religionsfridom i mellom anna India og Myanmar.

Ho meiner det som no skjer i dei asiatiske landa kan vere eit resultat av framandfrykt, og at det heller ikkje er heilt uvanleg at innskrenking av menneskerettar og nasjonalisme kjem i kjølvatnet av ein demokratiseringsprosess.

– Ein ønskjer ein rein nasjon utan innblanding av noko framandt. Dette er ikkje noko nytt. Hindutva-rørsla som vaks fram i India på byrjinga av 1900-talet var inspirert av nasjonalismen i Europa, og også her i Noreg var me gjennom ein periode der me hadde behov for å markere oss og fronte det typisk norske, seier Storaker.

Men medan det i Noreg stoppa før nasjonalromantikken gjekk for langt, er det i India og Myanmar på veg til å gå over kanten.

– Når ein løftar lokket av eit samfunn som har vore stengt i fleire tiår, så boblar alle spenningar opp til overflata, og det koker over, skildrar Storaker og viser til demokratiseringsprosessen som føregår i Myanmar. Ho fryktar også at valden som no skjer kan leggje hindre for fredsprosessen i landet.

LES OGSÅ: Fredsarbeid med nye resultat i Myanmar

Stiller krav til norske bedrifter og styresmakter

Store norske, og delvis statseigde, bedrifter som Telenor, Statkraft og Statoil har investert i regionen, og Stefanusalliansen meiner at desse bedriftene og norske styresmakter alle må ta på seg ansvar for å unngå at minoritetar vert undertrykte.

– Noreg har eit godt forhold til den nye regjeringa i Myanmar, og me håpar dei nyttar høvet til å fremme viktigheita av minoritetsvern og full trusfridom for alle, seier Storaker.

Stefanusalliansen meiner også at bedrifter som Statoil, Telenor og Statkraft vil gjere lurt i å jobbe for rettferd og at rettsstatsprinsipp vert opperetthaldne, fordi dette i framtida også kan tene deira sak.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt