Hopp til innhold

Fredsarbeid med nye resultat i Myanmar

At fredsprisen kan hamne i Mynmar i morgon er det mange ekspertar som trur. I dag signerte styresmaktene i landet ein ny fredsavtale med opprørsgrupper dei har slåst med i to år.

MYANMAR-UNREST-MINORITIES

No kan dei snart legge ned våpna. Ifølgje nyheitsbyrået AFP skal opprørarar i Kachin-regionen ha signert ein fredsavtale med myanmarske styresmakter.

Foto: Soe Than WIN / Afp

Heilt nord i Myanmar ligg Kachin-regionen. Her held 130 ulike etniske minoritetar til, men også meir enn ti væpna opprørsgrupper.

– Vil skape ny politisk kultur

Dei siste to åra har det vore kampar mellom opprørsgruppene og styresmaktene i landet. Meir enn 100.000 har flykta frå Kachin og over 1.000 er drepne. I dag vart det tatt eit nytt skritt mot fred når dei to partane signerte ein fredsavtale.

– Me jobbar ikkje berre mot å oppnå rettferd og varig fred, men også mot å skape ein ny politisk kultur som er bygd på kompromiss, gjensidig respekt og forståing, seier Aung Min til nyheitsbyrået AFP.

Min har vore styresmaktene i Myanmar sin representant i arbeidet med å få til ein fredsavtale. Ein liknande avtale fungerte godt i 17 år, fram til den kollapsa for to år sidan og krigen braut ut på ny. No er styresmaktene sitt mål å få ein meir rotfesta avtale.

– Utfordringane er komplekse og har bakgrunn i eit halvt hundreår med valdsutøving, men eg er overtyda om at me snart har kome over kneika, sa Min rett etter at dei tre dagar lange fredsforhandlingane var ferdige i den største byen i Kachin, Myitkyina.

Myanmar Elusive Peace

Dei siste to åra har det vore blodig i Kachin-regionen, etter at ein 17 år lang fredsavtale braut saman i 2011.

Foto: Alexander F. Yuan / Ap

Ny nobelpris til Myanmar?

Tidlegare denne veka vart 56 politiske fangar sette fri, som ein del av fredsforhandlingane mellom partane. Sidan president i Myanmar, Thein Sein, kom til makta i mars 2011 har fleire hundre fangar blitt sette fri.

Og det er mykje som har endra seg sidan Sein tok over. I slutten av 2010 vart det første valet i Myanmar halde, etter 50 år med militært styre. Ei rekkje reformer har også blitt gjennomført i landet, og resultatet er eit meir demokratisk samfunn.

Sein har blitt nemnt som ein av favorittane til å vinne Nobels fredspris i morgon. Også radiokanalen Democratic Voice of Burma, som lenge hadde base i Oslo er nemnt blant nobelfavorittane.

Kachin-området

I Kachin-området (merka), lengst nord i Myanmar, vart opprørsgrupper og myanmarske styresmakter i dag einige om ein ny fredsavtale.

Foto: Google Maps

Ei som allereie har vunne nobelprisen er Aung San Suu Kyi. Demokratiforkjemparen frå Myanmar som i over 20 år var inn og ut av husarrest. No er ho parlamentsmedlem og presidentkandidat til neste val, som er planlagd å finne stad i 2015. Frigjeringa av Suu Kyi er eit av dei tydelegaste symbola på at Myanmar har tatt ein ny og meir demokratisk retning.

Rohyinga-folket framleis diskriminert

Men om det vert fred i Kachin-regionen, så er ikkje problema nødvendigvis over i Myanmar. Også mellom det muslimske Rohingya-folket og buddhistiske grupper har det vore uroleg, der Rohingyane har blitt jaga og forfølgt.

Også Myanmarske styresmakter har blitt skulda for å forfølgje og diskriminere Rohingya-folket. Det er innført lovar som set grenser for kor mange barn ein Rohingya-familie kan få, og dei har heller ikkje dei same rettane til å få pass som andre i Myanmar.

I mai kritiserte leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettar, Kjell Magne Bondevik, Aung San Suu Kyi for å ikkje tale Rohingya-folket sin sak. Suu Kyi sa seinare til Bondevik da dei møttest i Myanmar at ho delte hans bekymring, og at myanmarsk politi burde gjere noko for å få ein stopp på diskrimineringa.

SISTE NYTT

Siste nytt