Hopp til innhold

Meir bombe-terror i Pakistan

Minst 33 menneske er drepne i to ulike bombeeksplosjonar i Pakistan i dag.

Minst 25 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon sør i Pakistan.

Minst 25 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i Hub i Baluchistan-provinsen i dag.

Foto: RIZWAN TABASSUM / AFP

Minst 26 menneske, sju av dei politifolk, vart drepne av ei bombe på ein marknadsplass i byen Hub, på grensa mellom provinsane Sindh og Baluchistan i den sørlege delen av landet, ikkje langt frå Karachi.

Dette er det første angrepet i det sørlege Pakistan i denne bølgja av sjølvmordsaksjonar, der hovudstaden Islamabad og det nordlege Pakistan har vore ramma.

 

En skadd mann blir frakta bort frå eksplosjonsområdet.

Ein skadd mann blir frakta bort frå eksplosjonsstaden.

Foto: STR/PAKISTAN / Reuters

Politisjefen i Hub Chowki, Abdullah Jan Afridi, seier at politimenne som vart drepne var tryggingsvakter for ei gruppe kinesiske ingeniørar som var på veg til Karachi.

Politiet opplyser at  angrepet vart utført av ein sjølvmordsbombar. Alle dei drepne var pakistanarar. Likevel trur politiet at det var kinesarane som var målet for bombeangrepet.

Det er førebels uklart om dette angrepet også er eit svar på storminga av Den raude moskeen i Islamabad tidlegare denne månaden, eller om det er  relatert til kampen for sjølvstende i Baluchistan-provinsen.

 

Slik såg det ut nokre timar etter sjølvmordsaksjonen i Hub.

Slik såg det ut på eksplosjonsstaden nokre timar etter.

Foto: ATHAR HUSSAIN / Reuters

Ein lokal tenestemann seier at dette angrepet truleg ikkje kjem som eit resultat av storminga av Den raude moskeen i Islamabad, og viser til at det også tidlegare har vore angrep på kinesiske statsborgarar i Baluchistan.

Opprøret i Baluchistan har ikkje vore religiøst motivert.

 I det nordvestlege Pakistan, i grenseområdet mot Afghanistan, køyrde ein mann ein bil fullasta med sprengstoff på eit treningssenter for politiet i byen Hangu. Her vart minst sju menneske drepne.

Hittil denne månaden er over 100 personar, dei fleste politifolk og soldatar, drepne i sjølvmordsangrep og skyteepisodar i grenseområdet mot Afghanistan, der det er mange islamistar som støttar Taliban.

 

Ein hardt skadd mann får behandling etter sjølvmordsaksjon.

Ein hardt skadd mann får behandling av helsepersonell.

Foto: STR/PAKISTAN / REUTERS