Hopp til innhold

- Eit åtak på Jemen

SANA'A, JEMEN (NRK.no) Jemenittar flest meiner terrorfaren i landet deira er oppblåst. USAs ambassade har evakuert sine tilsette, men i Sana'as gater går livet som vanleg.

Jemens flyplass

Utlendinger forlater flyplassen i Sanaa onsdag. Innfelt: Atiaf Alwazir, skribent og forskar, som meiner det overdrivne fokuset på al-Qaida i vestleg media, skadar Jemens kultur og identitet.

Foto: Mohammed Huwais/Raymond Lidal / AFP/NRK

Raymond Lidal i Sanaa, Jemen

I Sana’a, Jemens hovudstad, er det kvelden før den store Id-festen etter Ramadan.

Gatene er tronge, men får alltid plass til éin shoppande til. Det er ein stressande kveld, men ikkje fordi to Al Qaida-toppar har prata på telefon saman.

Alt er som normalt. Ingen kjenner den «auka terrorfaren» på kroppen.

– Velkomen til Jemen!

Hussein al-Ahlasi

Hussein al-Ahlasi meiner det ikkje er noko å frykte i Jemen, verken for utlendingar eller jemenittar. Han meiner det er ein del av eit større politisk spel.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ein høyrer det overalt, og dei ropar det framleis; sjølv etter at USA har bestemt seg for at landet er livsfarleg. Det nye reiserådet til USA inkluderer ei sterk oppfordring til alle amerikanske statsborgarar om å forlate landet umiddelbart.

– Kvifor? spør ein jemenitt som NRK treffer onsdag.

– Det skal vere ein konkret trussel om eit terroråtak.

– Her er det ikkje farleg. Det farlegaste er motorsyklane, seier Yasin Ali Ammar, og peikar mot ein av dei mange motorsykkel-taxiane som skundar seg gjennom dei tronge gatene.

Og dette er meininga som rår blant jemenittar me treffer. Kjensla i gatene i hovudstaden har ikkje endra seg etter at USA trekte ut sine diplomatar. På den siste dagen av Ramadan er det heller førebuingane til Id-festen som bekymrar.

– For min eigen del så fryktar eg Id-stresset mykje meir enn eit terroråtak, ler Atiaf Alwazir.

NRK treffer henne litt utanfor gamlebyen i hovudstaden Sana'a. Den kjende skribenten og forskaren meiner dei siste dagars hendingar og mediehysteri er sterkt overdrivne.

– Om det faktisk fantest ein konkret trussel, så ville me ha sett mykje større tryggleikstiltak rundt omkring i byen, seier ho, og held fram:

– Det er ingen som føler at det er noko farleg på gong. Om ein ikkje les nyheitene så veit ein ikkje noko om dette.

Alwazir meiner ein gjer klokt i å vente med konklusjonar til all fakta er på bordet. Førebels veit ein ikkje kva type åtak dei to Al Qaida-toppane skal ha prata om, eller kvar det skal hende.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Sanaa

Éin time før fasten skal brytast står folk i kø føre eit bakeri i gamlebyen i Sana'a.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Overvaking over hovudstaden

Éin ting har derimot gjort dei siste dagars hendingar litt meir nært. I løpet av tysdag og onsdag denne veka har eit overvakingsfly sirkla over hovudstaden. Lyden er lågfrekvent og distinkt, og høyrbar gjennom store deler av dagen. Blant aktivistar på Twitter har dette skapa eit sterkt sinne.

– Tenk kor mykje frykt og sinne ein drone skapar i område som USA faktisk bombar, når [overvakingsflyet] skapar så mykje frykt og sinne i Sana’a, skriv aktivisten Farea al-Muslimi i ein tweet. Han siktar til USAs bruk av dronar i Jemen, eit svært omstridt tema både i USA og Jemen.

Navy P-3 surveillance aircraft

Overvåkningsflyet som de siste dagene har sirklet over Jemens hovedstad.

Foto: Raymond Lidal
Sanaa

Sana'a er svært travel dagen før Eid-festen. Få merkar noko til ein auka terrorfare.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ingen har stadfesta kven som har sendt opp overvakingsflyet, men det skjer samstundes med evakueringa av dei amerikanske statsborgarane i landet. I fylge Twitter-brukar @naugusta skal det vere eit Navy P-3-fly.

– Åtak på Jemen

Utan konkrete bevis for det som USA og Jemens styresmakter kallar “ein auka terrorfare”, så meiner Alwazir at vestlege mediehus bør vere meir forsiktige.

– Dette er eit åtak på Jemen og jemenittar. Dette oppslaget skadar ikkje Al Qaida, men oss vanlege jemenittar. I media vert Jemen redusert til éin ting, terrorisme. Dette øydelegg jemenittars kultur og identitet. Eg synest det er frykteleg trist at folk utanfor Jemen berre tenkjer på Al Qaida og Osama bin Laden når dei tenkjer på landet vårt, seier Alwazir.

Ved Tahrir-plassen i Sana’a står ein juice-seljar klar til fasta skal brytast. Det skjer ikkje før om eit par timar, rundt 18.30, men Mohammed Ali opnar tidleg. Han vil vere klar, men fryktar ikkje eit terroråtak i nær framtid. Han er einig med Atiaf Alwazir.

– Eg kjenner meg trygg, og særleg rundt Id så er det ingen som vil gjere noko slikt, seier han, og kjem med ei melding til utlendingar:

– Sana’a er heilt trygt. Ingen skal frykte noko som gjestar i dette landet.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Selger Jemen

Ein seljar ordnar varene sine før fasten skal brytast for siste gong denne Ramadan-månaden.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Fattig og problemfylt, men ikkje eit Al Qaida-reir

Jemen ligg heilt på sørspissen av Den arabiske halvøy, med mektige og rike naboar som Saudi-Arabia og Oman. I heile den arabiske verda er Jemen det fattigaste landet.

Yasin Ali Ammar

Yasin Ali Ammar fryktar ikkje at terroristar skal slå til i Sana'a. Han er meir redd for motorsyklane.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Dei går tom for både olje og vatn innan eit tiår, seier dei mest pessimistiske prognosane. Atiaf Alwazir erkjenner at det finst mange problem i landet hennar, men at det finst mykje viktigare ting å fokusere på enn anti-terrorisme.

– Dei burde verkeleg byrje med utdanning. Utdanning er nøkkelen. Mange stader på landsbygda må born gå i fleire timar for å kome til skulen. Samstundes får militæret mange millionar dollar til anti-terrorisme. Pengar som heller burde ha gått til utdanning, seier skribenten.

Verken Alwazir eller dei som NRK treffer på gatene i Sana’a nektar for at Al Qaida er til stades i Jemen – og at terrororganisasjonen er eit problem. Men jemenittar flest meiner dei får altfor mykje merksemd samanlikna med andre aspekt ved Jemen.

– Kva burde me heller bry oss om når det gjeld Jemen?

– Alt anna! Det burde ikkje vere lov å sjå eit land gjennom berre eitt perspektiv. Det er som å sjå på alkoholisme i Sverige, og bestemme seg for at Sverige, fyrst og fremst, kan karakteriserast som eit alkoholist-land, seier Alwazir.

I den historiske gamlebyen i Sana’a prøver seljaren Hussein al-Ahlasi å forstå kvifor USA har bestemt seg for at byen og landet hans er for farleg å vere i.

– Eg trur det handlar om politikk. Dei prøver å skape frykt blant oss, og frykt i det internasjonale samfunnet, for å halde oppe den politikken som fungerer best for USA og dagens regime. Sjå rundt deg, er det farleg å vere i Sana’a? spør han. Hans svar er definitivt nei.

På den siste dagen før Id er Sana’a ein kaotisk og stressande by. Himmelen har opna seg, og regn- og torevêret strøymer over byen. Men få fryktar terroren; dei gler seg berre over at fasta er fullført og Id er komen. At USA har trekt ut sine ikkje-essensielle diplomatar bryr få seg om.

SISTE NYTT

Siste nytt