Hopp til innhold

Meiner data syner klar likskap mellom ulykkesfly

Funn frå ferdsskrivaren til flyet som styrta i Etiopia førre søndag, liknar funn frå ein annan flystyrt med same flytype, frå 2018.

Teknikere leter gjennom vrakrestene etter flystyrten i Etiopia.

Teknikarar som lette gjennom vrakrestane etter flystyrten i Etiopia, fann til slutt flyets ferdsskrivar. No har datafunna byrja å kome fram.

Foto: TONY KARUMBA / AFP

Det er henta ut informasjon frå ferdsskrivaren til Boeing 737 Max 8-flyet som styrta i Etiopia førre veke.

Materialet som er funne har klare likskapsteikn med flyet av same type som styrta i Indonesia i oktober i fjor, seier landets transportminister Damawit Moges. Funna vart etterforska vidare, skriv Reuters.

157 menneske mista livet i ulykka i Etiopia, mens 189 døydde i ulykka i Indonesia.

Ein foreløpig rapport på krasjet utføre Etiopias hovudstad Addis Abeba vil kome innan 30 dagar, seier ministeren. For tida vart utstyret undersøkt i Frankrike, etter at det vart klart at Etiopia ikkje hadde moglegheit til å gjere undersøkingane sjølv.

Fly sette på bakken verda over

I dagane etter flystyrten bestemde det europeiske lutfartssikerheitsbyrået å stengje det europeiske luftrommet, for trafikk med flytypen som var involvert i dei to ulykkene. Mange andre land verda over, gjorde det same.

Norwegian er det einaste norske flyselskapet som flyg med flytypen. Dei har 18 eksemplar, som alle vart sette på bakken. Selskapet anslår at fleire tusen passasjerar vert påverkaav situasjona.

Boeing 737 MAX fra Norwegian på bakken i Sverige

Ein Boeing 737 Max frå Norwegian.

Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB scanpix

Minnesermoni for dei omkomne

Søndag vart det avholdt ein minnesermoni for dei omkomne i Etiopias hovudstad, Addis Abeba. Fleire tusen menneske The Guardian skriv at 17 tomme kister vart gravlagd under sermonien.

Samstundes har dei etterlatte fått med seg jord frå staden der flyet styrta, fordi det er venta at det vil ta lang tid å identifisera alle dei omkomne.

Minnesermoni for dei omkomne i flystyrten i Etiopia.

Mange menneske er i sorg etter den tragiske flulykka i Etiopia, forrige søndag.

Foto: MAHEDER HAILESELASSIE / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt