NRK Meny
Normal

Medvedev:– Putin bør stilla til val

Russlands president Dmitrij Medvedev tilbyr Vladimir Putin presidentkandidaturet til valet i 2012. Putin takkar ved å lova vekk sitt statsministerverv til Medvedev. Ein farse, rasar russiske kommentatorar.

Russlands neste president Dmitrij Medvedev og avtroppende president Vladimir Putin

Russlands president Dmitrij Medvedev foreslår statsminister og eks-president Vladimir Putin som presidentkandidat i 2012.

Foto: AFP / AFP

Det har lenge vore spekulasjonar om kven av dei to som kjem til å bli regjeringspartiet «Sameint Russland» sin kandidat i det russiske presidentvalet neste år.

No seier Medvedev at han ønskjer at statsminister Putin blir kandidaten. Putin var raskt ute med å takka ja til forslaget og fremja samstundes Medvedev som den neste statministeren. Dermed er det duka for rollebyte.

– Putin bør bli kandidat

Vladimir Putin bør stilla som kandidat til presidentvalet i 2012, seier Russlands noverande president Dmitrij Medvedev på regjeringspartiet sin partikongress i dag.

– Eg meiner det er riktig av Kongressen å støtta kandidaturet til partileiaren, Vladimir Putin, i kampen om presidentvervet i landet, sa Medvedev.

Dagens kunngjering frå Medvedev blei teken godt imot av Putin, som gav uttrykk for at han er lysten på å ta opp kampen att om presidentvervet i Russland.

– Eg vil takka deg (Medvedev, journ. anm.) for den positive reaksjonen til forslaget om at eg stiller som presidentkandidat. For meg er dette ei stor ære, svara Putin i ein tale på partikongressen.

Deretter bad han Medvedev leia partiet si valliste når Russland skal velja ny nasjonalforsamling den 2.desember i år.

– Held presidentstolen varm for Putin

Hans-Wilhelm Steinfeld

NRK-korrespondent i Moskva Hans-Wilhelm Steinfeldt meiner stolleiken mellom Putin og Medvedev er ein farse.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Statsminister Putin var president i to periodar, frå 200 til 2008, då han i tråd med grunnlova ikkje kunne stilla til attval for ein tredje, samanhengande periode.

Presidentvalet i Russland går av stabelen den 4.mars neste år.

– Dei som har meint at Medvedev berre blei seten inn for å halda presidentstolen varm for Putin, kan få rett, seier NRK sin Moskva-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeldt.

I juni i år uttalte Medvedev (45) at sjølv om han godt kunne tenkja seg ein ny periode som president, ville han ikkje stilla til attval dersom mentoren hans Putin melder seg på i kampen.

(Saka held fram under biletet)

Putin og Medvedev

Mange spør seg om Dmitrij Medvedev (t.v.) berre var ein setevarmar for Vladimir Putin (t.h.), fram til grunnlova lét han stilla som presidentkandidat nok ein gong

Foto: MIKHAIL METZEL / AP

– Er det berre to å velja mellom?

Kommentatorar i Russland kallar det som no har skjedd for «farseprega» og meiner Putin og Medvedev allereie har avgjort presidentvalet neste år.

Ein av dei som har stilt spørsmål ved om det berre finst to personar å velja mellom, er den falne Sovjetunionens president Mikhail Gorbatsjov.

Putin fortel at han og Medvedev har vore samde om deira framtidige roller i lang tid. Medvedev seier han er klar for å ta fatt på praktisk arbeid i regjeringa.

– Dersom partiet (Sameint Russland, journ.anm.) vinn valet, og det er eg nesten sikker på at det kjem til å gjera, så er eg parat til å fortetja arbeidet med å modernisera landet, sa Medvedev under partikongressen i Moskva, ifølgje AFP.

Kvit riddar og svart statsminister

Korrespondent Steinfeldt meiner dette utsegnet frå Medvedev nærmast stadfestar at dette er ein farse:

– Når president Medvedev seier han er klar for vidare arbeid i regjeringa etter neste val, er farsen nesten stadfesta. Dei to kjem berre til å rokkkera på plassane sine.

Ifølgje Steinfeldt er det mange russarar som meiner kunngjeringa om at Medvedev vil la Putin bli presidentkandidat er ei tragisk hending

– Medvedev blir av mange kalla «den kvite riddar i Kreml», medan Putin vert omtala som «den svarte statsminister», som ber eit tungt ansvar blant anna for den korrupsjonen Russland slit med, fortel korrespondenten på telefon frå Moskva.

– Ingen store teikn til fornying

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at Russland må ta sine val og at me må retta oss etter deira avgjerder.

Støre synest ikkje at det som no skjer i Russland er udemokratisk i prosessen.

– Eg er eigentlig ikkje overraska. Det siste halvåret har omverda sett at det har gått i den retninga. Eg skal vera varsam med å fella dom over det, men nokon store teikn til fornying er det ikkje når dei vel å gå tilbake til presidenten dei hadde tidlegare, seier Støre til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt