– Du kan ikkje førestille deg det. Det er død overalt. Det luktar død overalt.
Det seier Dr. Adnan Albursh i telefonintervju med NRK, medan han er på det indonesiske sjukehuset.
Frå al-Shifa-sjukehuset. f.v Geir Stray Andreassen, Mahmoud Matar og Adnan Albursh. Bildet er tatt før krigen.
Minst tolv personar skal vere drepne etter eit åtak mot det indonesiske sjukehuset på Gazastripa, melder nyheitsbyrået AFP og Reuters. Tala kjem frå det Hamas-styrte helsedepartementet.
Sjukehuset ligg i Beit Lahia, nord på Gazastripa og er delvis finansiert av den indonesiske organisasjonen Medical Emergency Rescue Committee (MER-C).
Dr. Adnan Albursh er til vanleg lege og kirurg på al-Shifa-sjukehuset i Gaza by. Etter at al-Shifa-blei evakuert, reiste han lenger nord for å halde fram med arbeidet på det indonesiske sjukehuset.
Legar på det indonesiske sjukehuset brukar lommelykt for å gjere medisinske inngrep på såra i Gaza.
Foto: Reuters– I går kveld etter eg var ferdig med operasjonane mine, gjekk eg til rommet mitt for å kvile litt, seier Albursh til NRK.
Kl. 02.30 trefte ei bombe og IDF byrja å skyte mot dei, fortel han.
– Veggane er øydelagde og dei rasar. Dei 12 drepne er pasientar og heimlause, seier Albursh.
Sjukehuset skal ha blitt treft av israelske åtak i løpet av natta utan åtvaring, seier andre tilsette til nyheitsbyrået Al Jazeera.
Det israelske militære har ikkje stadfesta åtaka.
Mødrer sørger over borna sine utanfor det indonesiske sjukehuset i Gaza.
Foto: ReutersSeier dei ser soldatar utanfor
Det er rundt 700 personar, både tilsette og såra på sjukehuset akkurat no, melder Reuters. Til saman skal det vere 6000 personar i og rundt sjukehuset, melder Al Jazeera.
Ashraf al-Qudra, talsperson for det Hamas-styrte helsedepartementet, seier til Al Jazeera at dei tilsette insisterer på ikkje å forlate sjukehuset for å behandle dei såra:
– Vi fryktar at israelske styrker vil gjenta det dei gjorde på al-Shifa-sjukehuset. Situasjonen er frykteleg, seier al-Qudra.
Det trur også Dr. Adnan Albursh.
– Det same vil skje no. Dei vil treffe sjukehus, og eg veit ikkje kvifor.
På al-Shifa-sjukehuset tok israelske soldatar seg inn på sjukehuset, då dei hevda Hamas-soldatar gøymde seg der og brukte sjukehuset som kommandosentral.
Ifølgje Reuters omringa israelsk militære det Indonesiske sjukehuset nord på Gazastripa tidleg måndag morgon.
– Vi kan ikkje gå i dei ytre romma og heller ikkje nærme oss vindauga. Vi ser dei, og dei skyt direkte mot oss, seier Albursh til NRK:
– Vi ventar på å døy. Vi veit ikkje kva vi skal gjere.
IDF hevdar sjukehuset blir brukt av Hamas
Daniel Hagar, talsperson for det israelske militære (IDF), har tidlegare sagt at Hamas systematisk bruker sjukehus som ein del av terroroperasjonen deira.
Den israelske hæren seier dei har funne ein 55 meter lang tunnel under al-Shifa-sjukehuset.
– Hamas bygde det indonesiske sjukehuset for å skjule den underjordiske infrastrukturen, sa Hagar den gongen.
Då sikta han til tunnelane under jorda, der Hamas skal opphalde seg.
– Det indonesiske sjukehuset i Gaza er bygd av det indonesiske folket med eit humanitært formål og for å møte dei medisinske behova til det palestinske folket, svara det indonesiske utanriksdepartementet.
Det indonesiske sjukehuset nord på Gazastripa er treft av israelske luftangrep. Bildet er frå tidlegare i november.
Foto: STRINGER / ReutersStraumen er skrudd av
Samtidig som at det skal vere ein pågåande operasjon rundt sjukehuset, skal straumaggregatet til sjukehuset vere skrudd av. Dekninga skal også stort sett vere nede.
Dr. Sarbini Abdul Murad, sjefen for den veldedige organisasjonen som har bygd sjukehuset (MER-C), har bedt Israel om å trekke tilbake styrkane rundt sjukehuset. Det fortel Murad til Al Jazeera.
Palestinarar får hjelp på det indonesiske sjukehuset etter israelske luftåtak.
Foto: Reuters– Dette er eit umenneskeleg åtak som burde bli fordømt fordi dette er ein plass som vere bli beskytta, sa han i morgontimane måndag.
Leiaren for Verdshelseorganisasjonen (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, seier han er sjokkert over angrepet på det indonesiske sjukehuset.
– Helsearbeidarar og sivile skulle aldri ha blitt utsette for slike forferdelege opplevingar, og særleg ikkje på innsida av eit sjukehus, skriv Ghebreyesus på X/Twitter.
I etterkant av publisering av denne artikkelen er NRK gjort kjent med at Adnan al-Bursh har postet et innlegg på sosiale medier hvor han uttrykte støtte til Hamas-angrepet 7. oktober. Han er i denne artikkelen intervjuet i kraft av å være lege på sykehuset som ble utsatt for angrepet som omtales, og har også blitt intervjuet av andre internasjonale medier i samme kontekst.