NRK Meny
Normal

Medan Norden frys, så svetter Europa

Noreg stort sett har hatt ein kald sommar, men lengre sør på kontinentet viser gradestokken noko heilt anna. Sør for Alpane har ei hetebølgje herja, og i dag står Frankrike for tur.

Gå til forsiden

Sommarvarme i Sør-Europa og Asia

Spain Heat Wave

Sommarvarme i Sør-Europa og Asia

12 bilder

    Varme vindar frå Sahara blæs innover Europa og skaper temperaturar som for mange vert opplevd som uuthaldelege.

    Hetebølgje på veg innover Frankrike

    Dei siste vekene har kvikksølvet krype opp til over 40 grader på gradestokkar rundt om i heile Sør-Europa. I dag er det Frankrike som står for tur, og i Mellom-Europa er det også meldt rundt 30 grader i både Bern og Wien. Dei neste dagane er det venta at hetebølgja vil gå endå lengre nordover i Europa.

    CYCLING-FRA-TDF2015-BREAKAWAY

    Rafal Majka som vann gårsdagens klatreetappe av Tour de France kjøler seg ned med litt kaldt vatn. I dag er det venta endå varmare vêr i Frankrike kor rittarane skal sykle i Pyreneane, og ende opp på Plateau de Beille.

    Foto: JEFF PACHOUD / Afp

    Også i neste veke skal temperaturane stige i mellom anna Spania og Italia.

    Det er i all hovudsak sør for Alpene at varmen har vore sterkast denne sommaren, sjølv om det også har vore godt over 30 grader i Storbritannia nokre få dagar.

    Enkelte liv har gått tapt i varmen, men det er i alle hovudsak gamle folk som slit mest med det varme vêret. I Spania har fleire hundre eldre fått hjelp frå helsepersonell på grunn av varme.

    50 grader i Pakistan – mange døde

    Også i Asia har det vore ekstremt varme temperaturar. I Pakistan og India har gradestokken vore heilt oppe på 50 grader enkelte stader. Aller verst var det i slutten av juni då fleire tusen menneske mista livet i dei to landa.

    Pakistan Heat Wave

    I Pakistan har mange eldre fått heteslag av kombinasjonen faste og ekstreme temperaturar. Her frå eit sjukehus i Karachi, kor det har vore varmast.

    Foto: Fareed Khan / Ap

    At det i tillegg er den muslimske fastemånaden Ramadan gjer ikkje saka noko betre. Særskild mange eldre slit med kombinasjonen av manglande væskeinntak og ekstrem varme.

    I Pakistan har religiøse leiarar difor oppmoda folk om å bryte fasta, og viser til at også Koranen tillèt å bryte fasta om det er fare for liv og helse. Og fare for liv og helse er det når så mange som 65.000 menneske har fått livsviktig hjelp på grunn av heteslag.

    I Noreg er det derimot lite som tyder på at ein skal slite med heteslag framover. Langtidsvarsla på Yr.no viser i dag jamne temperaturar på under 20 grader også i veka som kjem.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt