NRK Meny
Normal

Solidaritetsstreik gjennom Istanbuls gater

I Istanbuls kjente handlegate Istiklal møter NRK medlem frå ei stor tyrkisk fagforeining. Dei er i streik og har samla seg for å vise solidaritet med demonstrantane, og motstand til regjeringa.

Aiche Sesarma

Aiche Sesarma går i demonstrasjonstog saman med fleire tusen andre medlem av fagforeiningsgruppa Kesk. Dei streikar for å vise støtte til demonstrantane i Tyrkia.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Sigurd Falkenberg Mikkelsen, Tyrkia
Foto: NRK

– Eg skal protestere mot regjeringa sine planar om å kutte i opera-, ballett og symfonibudsjetta. På sikt vil det føre til at alt dette vert lagt ned, seier operasongarinne Aiche Sesarma til NRK.

To dagar streik

Ho har stilt seg opp i protesttoget som snart skal gå mot Taksim-plassen i Istanbul, der det har vore demonstrasjonar dei siste dagane. Ho jobbar som sopran, og er medlem av fagforeininga Kesk. Foreininga har tatt ut medlemmene sine i to dagar med streik for å støtte demonstrantane i Tyrkia.

– Dottera mi på 16 år er allereie på Taksim-plassen. Me vil at regjeringa skal gå av, seier Sesarma.

– Er det mogleg? Det er ei demokratisk velt regjering.

– Det er ei demokratisk velt regjering, men Erdogan representerer ikkje folket. Han representerer berre dei som stemmer på han, seier operasongarinna.

(Saka held fram under videoen av lærarar i solidaritetsstreik med demonstrantane)

Lærerforeningene er i streik for å protestere mot voldsbruk fra myndighetene i et forsøk på å spre demonstrantene i regjeringsfiendtlige aksjoner.

Lærerstreik i Tyrkia

– Han reiser alltid bort

Ho er skuffa over sin eigen statsminister, og meiner han har gjort ein stor feil ved å forlate eit land i trøbbel.

– Han reiser alltid av garde. Han er no i Marokko. Det skjer så mykje her i Tyrkia, men han er no i Marokko, seier ho.

På veg inn på Taksim-plassen roper fagforeiningsmedlemmane taktfast. Kledd i blå og kvite kapsar, og med raude banner går Sesarma og dei andre streikarane saman i tog, med eit felles mål.

– Me vil ha høgare lønn, og me ønskjer å vise støtte til folka som demonstrerer i gatene. Me vil ha han bort, seier Alfastan ein kurdisk tyrkisklærar, som også han er medlem av Kesk.

Alfastan

Alfastan er ein kurdisk tyrkisklærar og går i protesttog i solidaritet med dei mange demonstrantane i Tyrkia.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Statleg terror

Fagforeininga har 240.000 medlemmer, som alle er tatt ut i streik. Den venstrevridde foreininga skuldar styresmaktene for terror.

– Den statlege terroren som vart nytta mot heilt fredelege demonstrasjonar, held fram på ein måte som trugar sivilpersonar si tryggleik, skriv fagforeininga i eit skriv der dei også kunngjorde streiken som vil råke både skular og universitet.

UNDER: Sjå Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapportere direkte frå Istanbul. Dagsrevyen 4. juni.

- Folk er fortsatt frustrerte og sinte. De krever mer politisk handling, enn en unnskyldning, sier NRKs korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Direkterapport fra demonstrasjonene i Istanbul

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt