Akkurat da McCain seier at han set valkampen til side, er det at valkampen for første gong blir reell.
Dei kunne ha valt å opptre som to av fleire medlemmer av Sentatet, som dei formelt er. For denne finanskrisa er eit minefelt for ein kvar politikar og spesielt den som har presidentambisjonar.
Finanspakken er ei dårleg sak i folket og vil ta skattepengar frå mange andre gode formål framover.
Risikofylt
For presidentkandidatar er det gevinst eller tap i veljarskaren som gjeld.
Så vi må anta at McCain visste kva han gjorde da han erklærte stans i valkampen og til trompetar og basunar inntok Washington i forgårs for å ordne opp, akkurat da kongressleiarane var i ferd med å få skikk på avtalen med Bush.
Manøveren var underleg og typisk for den gamle kamppiloten: Overraskande og risikofylt.
Han kan også ha vore driven av desperasjon. Sarah Palin-effekten er i ferd med å forsvinne, og Obama er på offensiven igjen i målingane.
Økonomien er McCains svake felt, har han sjølv sagt. Og han kom skeivt ut da Wall Street begynte å skjelve. Han hadde nok behov for å vise seg som den handlingskraftige og erfarne.
Og kanskje såg han ein sjanse til å markere avstand også til Bush, der Demokratane prøver å vise at han trass i all retorikk stemmer med presidenten i ni av ti tilfelle.
Oppnådde politisk uro
McCain kalla på nasjonal einskap og ville ikkje ein gong dra til Mississippi for å duellere i den første holmgangen mellom kandidatane dersom ikkje finanspakken var klar. Det han oppnådde var politisk uro.
McCain skal ha bidratt lite på møtet og hamna midt i ein ideologisk krig mellom dei mest konservative i partiet sitt som ikkje vil bruke offentlege midlar, og dei som saman med Bush meiner at offentlege inngrep denne gongen er den einaste mulege redninga.
Obama fekk høve til å overta rolla som den samarbeids- og kompromissvillige, og McCain innsåg kva han hadde å tape og drog til Mississippi under ulne formuleringar om at det var god framgang i finanspakkinga.
Noe må gjørast
Mens mange veljarar er avvisande til å bruke skattepengar på Wall Street, er kandidatane i alle fall einige om at noe må gjørast. Det er redsel i Washington for at dei verkeleg store utanlandske investorane, som Kina, skal røre på seg og trekke milliardane sine ut av den amerikanske marknaden.
Den sittande presidenten har vore rørande hjelpelaus. Utan truverd og tillit i folket og nesten usynleg når det brenn. Og når han endeleg kjem på banen, er det ved å omtale krisa nærast som eit uhell.
Veljarane som har sett korleis avstanden mellom fattig og rik er blitt større under Bush enn noen gong i nyare tid, ser finanspakka som enda ei overføring til dei rikaste som dei må betale.
Det er Kongressen som har sett realismen i pakken, og som vil ha kontroll med bruken og noe igjen for pengane - i motsetning til megautbetalingar og gyldne fallskjermar til finansfyrstane.
For det er det det handlar om i dei flestes auge.
Toppsjefen i Lehman Brothers tok seinast i fjor ut 250 millionar kroner frå havaristen, eller - som New York Times skriv - 90.000 kroner timen for å kjøre selskapet i grøfta.
Sjefen for Merril Lynch tok med seg nesten 900 millionar kroner før han måtte trekke seg i fjor etter å ha styrt skuta på land.
Det skulle sjølvsagt bare mangle om det ikkje blei sett vilkår ved bistanden til denne skakkjørte næringa. Det har finansminister Henry Paulson etter kvart innsett.
Men det tok tid - for ein som så seint som i 2005 sjølv mottok 200 millionar kroner som leiar av Goldman Sachs. Og selte unna aksjar for tre milliardar før han flytta over til departementet som styrer alt dette.
Les:
Les: