– Det var ei heftig oppleving, fortel Magdalena Rosenblad til NRK.
Ho ferierer med familie og vener på Cap Benat i Bormes les Mimosa, og blei vekt kl. 02.30 av huseigaren som sa at dei måtte evakuere etter rask spreiing av ein av skogbrannane som herjar i området.
Til no er 12.000 evakuerte vest for St.Tropez, 3000 av dei ferierande i det populære området.
- Les også:
Søkte til stranda
Saman med hundrevis av andre har familien overnatta på stranda.
Magdalena Rosenblad synes det var skremmande å kome så nær på skogbrannen i Sør-Frankrike.
Foto: privat– Det var jo ikkje noko anna stad å dra, brannen var liksom rett bak og det er jo tørt som berre det, det har ikkje regna skikkeleg sidan januar.
Ho seier at dei framleis er i sjokk etter at dei i natt måtte forlate huset og eigedelane sine i full fart, medan dei kunne sjå flammane nærme seg.
– Det er ingen av oss som har opplevd å få noko slikt så nært før. Det er snakk om kjempekrefter med den vinden no, det er nesten som at den er så kraftig at den tek tak i bilen. Det er vanskeleg å førutsjå kor fort det går.
Ein av brannane sett frå stranda i La Croix-Valmer, nær Saint-Tropez, 25.juli
Foto: VALERY HACHE / AFPKraftig mistralvind og knusktørt landskap
Den kraftige mistralvinden i kombinasjon med det knusktørre og varme vêret gjer at brannen spreier seg raskare enn mannskapene klarer å reagere.
4000 brannmenn er sett inn i slokningsarbeidet og 19 vassbombefly som flyr i skytteltrafikk fram og tilbake mellom Middelhavet og brannområda. Også Italia har bidrege med fly.
Onsdag morgon var 800 hektar med skog og kratt svidd av. I morgontimane blei det sett inn sporingsfly som skal registrere nøyaktig kvar flammane er, og i kva retning dei bevegar seg.
Ein mann inspiserer skadene etter brannen i Bormes-les-Mimosas.
Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFPEin lokal tenestemann kritiserer styresmaktene for at det ikkje blir rydda opp regelmessig i underskogen. Det blir stadig færre bønder og mindre dyrka mark i området, samtidig som utbygginga av feriehus med vegar og kraftliner tett på skogsområde er med på å auke brannfaren, skriv NTB.
- Les også: