Dei som hadde møtt fram for å ta farvel, fekk høyre presten tale mot homofili.
Foto: Michele Sibiloni / ApAvisa Rolling Stone trykte namn, bilete og adressa til homofile David Kato.
Foto: Stringer / ApFleire hundre menneske hadde møtt opp for å følgje David Kato til grava, etter at
.Han skulle gravleggjast utanfor familieheimen i Nakawala, om lag 40 kilometer frå hovudstaden Kampala.
Mange frå det homofile miljøet hadde møtt opp, og fleire av dei hadde på seg t-skjorter med bilete av Kato og påskrifta «La luta continua», som betyr «kampen held fram».
Talte mot homofili
Men midt under gravferda starta presten Thomas Musoke å dømme dei homofile, skriv BBC.
– De må vende om. Sjølv dyra veit skilnaden på ein mann og ei kvinne, sa han
Han rakk også å åtvare om at homofile ville få same lagnaden som innbyggjarane i Sodoma og Gomorra, dei bibelske byane som vart øydelagde av Gud, før han vart stansa av folk som storma til.
Presten vart så teken hand om av politiet, og ein prest som tidlegare er lyst i bann for å oppfordre folk til å respektere rettane til homofile, tok så over seremonien.
Bilete i avisa
I fjor saksøkte mannen avisa Rolling Stone i Uganda, etter at dei
. Saman med fleire andre namngitte menn, var han avbilda under tittelen «Heng dei!»Homoseksualitet er forbode i Uganda, og kan bli straffa med 14 år i fengsel. Ein minister i landet har i tillegg ønskt å
.Kato skal ha fått fleire drapstruslar etter at saka stod på trykk. I tillegg til å publisere fullt namn og bilete, skreiv avisa adressa der mannen budde.
Leiinga i avisa har nekta for at det er samanheng mellom deira sak og at Kato vart drepen.
- Les:
Ein ny prest måtte ta over seremonien etter at han som starta vart bortvist.
Foto: MARC HOFER / AfpTrur ikkje på homo-motiv
Augevitne har sagt til BBC at dei såg ein mann gå inn i huset til Kato, og slo han ihel før han stakk frå staden. Den siste tida har det vore fleire liknande drap i området.
Politiet har arrestert ein person i samband med drapet. Hovudmistenkte er framleis på rømmen. Politiet trur motivet for drapet var eit tjuveri.
– Legninga til Kato har ikkje kome fram som eit tema i etterforskinga, seier polititalsperson Judith Nabakooba til Reuters.
Utanriksminister i USA, Hillary Clinton krev at myndigheitene i Uganda etterforskar drapet og stiller dei skuldige for retten.
FN ber om at folk som blir forfølgde for legninga si i Uganda, må få flyktningestatus i andre land.