NRK Meny
Urix forklarer

Mat som maktmiddel

Utsvelting har vorte brukt som taktikk frå begge sider i krigen i Syria, og viser ingen teikn til å stanse – trass i opninga for naudhjelp til den omringa byen Madaya.

SYRIA-CRISIS/ People unpack humanitarian aid in a warehouse in Ghouta

Forsyningar frå FN er sjeldne i Syria. Her frå ei utdeling i Ghouta aust i Damaskus i 2014.

Foto: STRINGER / Reuters

Etter å ha vore omringa av regjeringsstyrkar og deira allierte i eit halvt år og utan forsyningar sidan 18. oktober fekk innbyggarane i den syriske byen Madaya endeleg naudhjelp denne veka. Det var president Bashar al-Assad som etter lange forhandlingar lét FN sleppe inn med kolonnar fulle av etterlengta mat og medisinar.

Utsveltingstaktikk – ikkje noko nytt

Å nekte naudhjelp for så å tillate den, alt etter når det måtte passe dei som omringar eit område, er ein gammal krigstaktikk, og har vorte brukt med jamne mellomrom i løpet av dei fem åra krigen har vart.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-UN Power addresses a resolution during a meeting at the U.N. headquarters in New York

Samantha Power har endeleg fått kollegaene sine i FNs tryggingsråd på gli når det gjeld kritikk av og sanksjonar mot Syria. Her snakkar ho på eit møte 7.august 2015 som resulterte i ein resolusjon om å etterforske den syriske hærens bruk av kjemiske våpen.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

FN har lenge skulda begge sider for å bruke denne taktikken, som er i strid med folkeretten. USAs FN-ambassadør Samantha Powers har skulda Assad og hans regjering for «grotesk svelt-eller-overgi-dykk-taktikk».

– Slik krigføring er forbode under folkeretten og er eit brot på menneskerettane når det gjeld retten til mat, helse og retten til liv, for ikkje å gløyme den spesielle retten born har til å bli tekne vare på, sa Paulo Pinheiro, leiar for ein FN-komité som undersøker krigsforbrytelsar i Syria, tysdag.

Juridiske ekspertar seier ifølge Reuters at dette kan verte sett på som enten krigsforbrytelsar eller brotsverk mot menneska – eventuelt begge deler. Det er likevel små sjansar for at dette vil gå til den internasjonale menneskerettsdomstolen i Haag ettersom Syria ikkje er medlem, og at Russland måtte ha tillate det som eit medlem av FNs tryggingsråd.

SYRIA-CRISIS/ United Nations and World Food program members sit beside a box of fruits in eastern Ghouta of Damascus

Frukt er eit sjeldent syn for dei på innsida av dei omringa byane. I Madaia har mange levd på ei suppe av varmt vatn og krydder i fleire veker. Dette biletet er frå Ghouta, aust i Damascus, som også har fått matleveransar frå FN.

Foto: BASSAM KHABIEH / Reuters

Ikkje berre Madaya

Madaya er berre ein av fleire syriske byar som er omringa, nokre av Assad og hans allierte, andre av opprørarar eller IS. Omringinga av Madaya er hemn for den tilsvarande omringinga av dei regimestyrte byane Kefraya og Foua i Idlib-provinsen, skriv Soufan Group. Også her slapp naudhjelpskonvoiane til måndag.

Men ifølge FN er rundt 400.000 syrarar fanga bak frontlinjene. Dette er ein kraftig auke frå 2014, då talet var 240.000. Same året vedtok FN ein bindande resolusjon som påla dei krigane partane å sleppe inn naudhjelp, men med liten effekt.

Det største området som er omringa er Deir al-Zor, der IS kontrollerer skjebnen til 200.000 personar. Her er det openbert meir problematisk å sleppe til med naudhjelp ettersom forhandlingane mellom IS og FN er ikkje-eksisterande. Innbyggarane her er overlaten til seg sjølve til IS vert overvunne militært, skriv Soufan Group.

Elizabeth Hoff, leiar for WHO i Syria, seier at ho er svært uroa for dei som bur i Deir al-Zor.

– Også i område utanfor Damaskus, til dømes den palestinske Yarmouk-leiren. Det er ein stad der vi ikkje har vore inne på lenge, seier ho til NRK.

SYRIA-PALESTINIAN-CONFLICT-UN-AID-YARMUK

Innbyggarane i Yarmuk mottek naudhjelp i juli 2014 etter å ha vore omringa av Assad sin hær sidan desember 2012.

Foto: RAMI AL-SAYED / Afp

Kan bli avgjerande for fredsforhandlingane i Genève

For å sleppe inn i område som Madaya har FN måtte gå med på ein del krav regimet har stilt, skriv New York Times. FN har med dette fått kritikk for å gå på akkord med sine prinsipp om uavhengig hjelp, og kritiske røyster hevdar også at dei no vil strekke seg ekstra langt i dialogen med Assad og hans allierte for å få dei med på fredsforhandlingane som held fram i Genève 25. januar.

Staffan de Mistura

FNs spesialutsending Staffan de Mistura er nett tilbake frå samtalar med partar i Syria og regionen før møtet i Genève 25.januar. Her frå dagens møte i tryggingsrådet.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Og naudhjelp står også sentralt i vegkartet for fred som vil ligge på bordet i Genève. Her ber FN aktørane i konflikten la hjelpeorganisasjonar få tilgang til heile landet, spesielt i omringa byar og område som er vanskeleg tilgjengelege for augeblikket. Ei opposisjonsgruppe har ifølge Reuters sagt til FN at dette må skje før samtalane startar, noko som kan verte vanskeleg å få til.

Soufan Group spår at den omringa utsvoltinga vil halde fram, og kanskje til og med intensiverast i forkant av fredssamtalane, ettersom alle aktørar forsterkar sine posisjonar for å oppnå eit resultat til sin fordel.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt