Hopp til innhold

Massivt straumbrot i St. Petersburg

St. Petersburg, den nest største byen i Russland, vart i ettermiddag ramma av eit massivt straumbrot. Heile bysentrum og metroen var utan straum.

Video Massivt strømbrudd i St. Petersburg

VIDEO: Sjå video frå trafikkaoset i den russiske storbyen.

Feilen vart retta etter rundt ein halvtime, men byen slit med etterverknadene utover kvelden.

Talskvinne for det russiske krisedepartementet, Irina Andrianova, seier til fjernsynsstasjonen NTV at det var ein feil ved ein transformatorstasjon, og at denne feilen har spredd seg til ein annan. Ho seier at fire bydelar var ramma, blant anna det historiske Nevsky-området.

Nyheitsbyrået Interfax melder at straumbrotet skuldast «feil på utstyr».

Lyset gjekk i heile hovudgate Nevsky Prospekt, ei av dei lengste bygatene i verda. Elektriske bussar stansa midt i gata, og trafikklysa verkar ikkje.

Straumbrotet har ført til trafikkaos i St. Petersburg

Straumbrotet har ført til trafikkaos i St. Petersburg.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

Straumbrotet har ført til kaos på metroen, og fleire stasjonar måtte stengje. Andre har store forseinkingar. Den internasjonale flyplassen Pulkovo er ikkje ramma, melder AFP.

Dei ramma områda var også utan vassforsyning, fordi dei aller fleste vasspumpene blir drivne med elektrisitet.

Det bur 4,5 millionar menneske i St. Petersburg.

Det statlege russiske fjernsynet melder at straumen gjekk kl. 18.40 lokal tid, klokka 16.40 norsk tid.

Dei elektriske bussane kom seg ikkje vidare.

Dei elektriske bussane i St. Petersburg vart ståande bom stille etter straumbrotet.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt