Hopp til innhold

Israel svarer på rakettangrep med luftangrep mot Gazastripa

Det er i ettermiddag og kveld skote meir enn 50 rakettar mot det sørlege Israel frå Gazastripa. I kveld har israelske fly gått til angrep mot mål på Gazastripa.

Rakettangrep mot Israel.

Soldatar og sivile ser på eit rakettkrater i det sørlege Israel. Angrepet mot Israel i dag er det verste sidan november 2012.

Foto: DAVID BUIMOVITCH / Afp

Det er førebels ikkje meldt om skadde i det som er det kraftigaste angrepet mot Israel på over to år.

Den islamistiske organisasjonen Islamsk heilag krig har teke på seg ansvaret for angrepet, som dei seier var eit svar på at israelske styrkar drap tre medlemer av organisasjonen på Gazastripa i går.

I kveld gjekk israelske fly til angrep mot fleire mål på Gazastripa, melder AFP. Islamsk heilag krig-basar er målet for angrepa, blir det meldt.

Seint i kveld melder det israelske forsvaret at det er gjennomført 29 flyangrep mot mål Gazastripa i kveld. Det er førebels ikkje meldt om skadde i angrepa, som også skal ha ramma anlegg som tilhøyrer Hamas.

Tidlegare i kveld gjekk det israelske forsvaret til angrep mot to terrormål, eitt sør på Gazastripa og eitt på den nordlege delen av enklaven.

Politisjef i Israel, Micky Rosenfeld seier at ein palestinsk rakett landa nær eit offentleg bibliotek i byen Sderot, medan ein annan landa nær ein bensinstasjon. Minst åtte av rakettane landa i busette område. Det israelske rakettforsvaret skal ha skote ned fleire rakettar, men det er uklart kor mange.

– Over 50 rakettar

– Dei har passert 50 rakettar, og dei held fram med å skyte, sa ei kjelde i den israelske tryggingstenesta til nyheitsbyrået AFP i ettermiddag.

Ein talsmann for lokale styresmakter seier at angrepet er det kraftigaste på over to år. Styresmaktene har gitt alle innbyggjarar som bur i ein avstand på 40 kilometer eller mindre frå Gazastripa om å halde seg i tilfluktsromma.

Israels utanriksminister Avigdor Lieberman, som leier det høgreorienterte partiet Yisrael Beiteinu, seier at angrepet er så alvorleg at Israel no bør gjenokkupere heile Gazastripa.

I går vart tre medlemer av Islamsk heilag krig drepne i eit israelsk luftangrep mot Gazastripa, etter at det vart skote granatar mot israelske soldatar som tok seg inn på området. Dette skjedde etter at ei israelsk overvakingsdrone styrta inne på Gazastripa.

Rakettar mot Israel.

Dette biletet frå Gaza by viser røyk frå rakettane som vart skotne mot Israel i ettermiddag.

Foto: Adel Hana / Ap

– Sterk reaksjon

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at landet vil reagere svært sterkt på rakettangrepet i ettermiddag.

– Vil vil halde fram med å slå tilbake mot dei som ynskjer å skade oss. Vi vil gå svært kraftfullt til mot dei, seier Netanyahu.

Angrepa i dag er dei verste sidan krigen mellom Israel og palestinske grupper på Gazastripa i november 2012.

Ein talsmann for Islamsk heilag krig seier at dei har skote 130 rakettar mot Israel i ein operasjon dei kallar «Breaking the Silence». Ein talsmann for Hamas, som har makta på Gazastripa, seier at Israel er fullt ut ansvarleg for opptrappinga.

Klipp frå rakettnedslag.

VIDEO: Rakettangrep mot Israel.

Cameron-tale i Knesset

Angrepa mot Israel i dag starta like etter at Storbritannias statsminister David Cameron heldt ein tale i det israelske parlamentet Knesset. På ein felles pressekonferanse med Cameron kom Benjamin Netanyahu med denne åtvaringa til dei islamistiske gruppene på Gazastripa.

– Om det ikkje er stille i sør (Israel), så blir det bråk i Gaza, for å seie det mildt.

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt