Masseprotestar over heile Sør-Afrika

Titusenar av sørafrikanarar dansa og sang i protest mot nye bomvegar og dårlege arbeidsvilkår. Protestane kan vera dei største etter apartheids fall.

Masseprotestar i Sør-Afrika

Store protestar i Sør-Afrika mot bomvegar og dårlege arbeidsvilkår.

Foto: Maria Lavik / NRK

NRK.no var i Johannesburg der den største demonstrasjonen fann stad. Rundt 50 000 menneske dansa i gatene medan dei song gamle anti-apartheid-songar.

– Dette er den største demonstrasjonen eg har sett i løpet av karriera mi. Eg har snakka med fleire politifolk som meiner dette må vera den største protesten sidan 1980-talet, seier Phillip de Wet, redaktør i Mail & Guardian, til NRK.no.

«Apartheid-politikk»

Den mektige arbeidstakarorganisasjonen Cosatu står bak demonstrasjonen. Den retta seg delvis mot bruken av såkalla «labour brokers», agentar og vikarbyrå som leiger ut arbeidskraft.

Masseprotestar i Sør-Afrika

Demonstrantane i Sør-Afrika krev betre arbeidsvilkår, og slutt på vikarbyrå som leiger ut arbeidskraft.

Foto: Maria Lavik / NRK

– Me får småpengar, medan agentane får nesten all inntekta sjølve, seier ein demonstrant til NRK.no.

Ifølgje Cosatu er 1 million sørafrikanarar tilsett via slike agentar og byrå. Organisasjonen brukar ord som «slaveri» og «apartheid» om praksisen.

– Bruk av midlertidig arbeidskraft er kontroversielt her i Sør-Afrika. Regjeringa må balansera interessene til arbeidarane med ønsket om fleksibiliet og økonomisk vekst, seier Phillip de Wet.

Få kvite demonstrerte

Demonstrasjonen retta seg også mot nye, svært upopulære elektroniske bomstasjonar. Dei blir snart sett opp i Gauteng-provinsen, og kan føra til at bilistar må betala opp mot 400 kroner ekstra i månaden.

Det er lite populært i eit land med dårleg utbygd kollektivtransport mellom byane, og i ei tid då bensinprisane er på veg opp med nærare 80 øre.

– Grunnen til at Cosatu valde å ha to tema for demonstrasjonen var nok for å få ei breiare oppslutning. Det fungerte ikkje, eg såg lite av den kvite middelklassen i sentrum i dag. Dette var ikkje den multikulturelle demonstrasjonen som Cosato hadde håpa på, seier Phillip de Wet.

Prislapp opp mot 6 milliardar

masseprotestar i Sør-Afrika

Demonstrantane song gamle apartheid-songar, og krevde betre arbeidsvilkår for arbeidarane

Foto: Maria Lavik / NRK

Cosatu lukkast delvis i målet om å lamma dei største byane i Sør-Afrika. Til saman 32 demonstrasjonar vart haldne over heile landet, og supermarkedkjeda Pick 'n' Pay melder at over halvparten av dei tilsette ikkje kom på jobb denne dagen.

Økonomen Mike Schüssler anslår at demonstrasjonane kan kosta opp mot 8,2 milliardar rand, rundt 6 milliardar kroner.

Mot brot mellom ANC og Cosatu?

Cosatu kallar demonstrasjonen ein suksess, og har med dette fleksa musklar ovanfor regjeringspartiet ANC. Cosatu og ANC har gjennom historien inngått i ein allianse, som Phillip de Wet kallar eit «ukomfortabelt ekteskap».

– Dei har vore i ein langvarig maktkamp, mange trur at denne demonstrasjonen kan endra maktforholdet mellom ANC og Cosatu, og kanskje legga til rette for eit brot, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt