Dei etterlatne etter ofra samla seg i seks store, kvite telt som var sett opp i sentrum av hovudstaden Brazzaville, der over 200 kister var plasserte.
I området rundt hadde tusenvis av menneske møtt opp for å heidre dei døde.
Den kongolesiske presidenten Denis Sassou Nguesso og kona Antoniette stod vakt då lastebilar som frakta kistene kom fram til minnegudstenesta. Kistene blei frakta ti om gongen på lastebiltilhengarar.
223 menneske omkom og over 2300 blei såra då eit ammunisjonslager i Brazzaville gjekk i lufta.
LES:
Over 14000 menneske blei heimlause etter trykkbølgja og brannar som følgde i etterkant av eksplosjonen. Årsaka var truleg ei kortslutning i det elektriske anlegget.
Panikk
Panikk spreidde seg frå Brazzaville over Kongo-elva til Kinshasa, der mange vindauge blei smadra av lufttrykket etter eksplosjonen.
Ei ung kvinne mista mor, far og fire søsken.
– Det var eit apokalypse, seier Jeanette Nuongui som er den einaste i familien som overlevde.
Mor, far, to søstrer og brør omkom då heimen blei rasert av eksplosjonen og brannane som ramma byen.
LES:
– Det er eit guds under at eg overlevde. Men det er ingenting att, sa 36 år gamle Nuongui til nyheitsbyrået AFP. Ho ligg sjølv på det militære sjukehuset i Brazzaville.
Starta i eit bustadområde
Lageret der eksplosjonen skjedde var plassert i militærleiren Mpila, som igjen ligg i eit bustadsområde i den austlege delen av Brazzaville.
Ei rekke bygningar i byen blei totalt øydelagde i eksplosjonen.
Mange av dei døde og skadde var kledd i militære uniformar, og fleire av dei omkomne skal ha vore kyrkjegjengarar som blei innesperra i samanraste bygningar.