Sjefen for Beograd-politiet, Milan Obradovic, opplyser at dei arresterte alle har direkte eller indirekte tilknyting til mafiagruppa som politiet meiner har utført drapet. Ein tidlegare sjef for ei politiavdeling skal vere hovudmannen.
I dag var det minnestund for Zoran Djindjic i det serbiske parlamentet i Beograd. (Foto: Marko Djurica, Reuters)
Ikkje hovudmenn
Ingen av dei politiet trur er hovudmennene bak drapet er arresterte, men både innanriksministeren og dei ansvarlege for politiet og tryggingsstyrkane lovar at alt blir gjort for at dei skuldige skal bli tekne.
Nyheitsbyrået Fonet i Beograd melder at sjefen for dei hemmelege tenestene i Serbia under Slobodan Milosevic, Jovica Stansic, og ein tidlegare kommandør i antiterrrorstyrken, Frenki Simatovic, er blant dei arresterte i dag. Byrået siterer kjelder i Demokratialliansen, men meldinga er ikkje stadfesta av andre kjelder.
Nasjonalisme
Observatørar på Balkan fryktar at drapet på Zoran Djindjic skal føre til auka nasjonalistiske strøymingar i Serbia, og at det igjen kan føre til destabilisering i Kosovo, Bosnia og Montenegro.
Balkan-ekspertar meiner at mykje vil avhenge av om den regjererande Demokratialliansen, som vart leidd av den myrda statsministeren, vil overleve.
- Om denne alliansen bryt saman, og dei ulike fraksjonane byrjar å krangle seg i mellom, kan dette føre til ei oppblomstring av serbisk nasjonalisme, meiner Peter Jordan, direktør for Instituttet for Aust- og Sørausteuropiske studiar i Austerrike.
- Dette kan føre til at albanarane i Kosovo vil ta opp att kampen for sjølvestende. Også Montenegro kan krevje sjølvstende, seier Jordan i eit intervju med det franske nyheitsbyrået AFP. Han ser også fare for at dei bosniske serbarane skal gå ut av den skjøre bosniske konføderasjonen, som igjen kan føre til at også kroatane og muslimane i konføderasjonen blir meir nasjonalistiske.
Destabilisering
Sulejman Tihic, medlem i Bosnias tredelte presidentskap, trur drapet på Dindjic hadde som mål å destabilisere Serbia, og moglelgvis heile regionen.
Ein diplomat i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, OSSE, seier til AFP at det verste som kan skje er at den serbiske regjeringa bryt saman, og at dei tapar kampen mot den organiserte kriminaliteten. Dette vil heilt sikkert føre til at ekstreme serbiske nasjonalistar vil vinne fram, fordi mange av desse har sterke band til den organiserte kriminaliteten, meiner han.
- Det kritiske spørsmålet er om den regjerande Demokratialliansen greier å å samarbeide med president Vojislav Kostunica om å knuse den organiserte kriminaliteten, seier OSSE-diplomaten.
Peter Jordan har lita tru på at den serbiske regjeringskoalisjonen vil halde saman. - Det var Djindjic som heldt denne koalisjonen saman. Eg har vanskeleg for å tru at nokon andre vil greie det same, seier han.