– Dei gjorde det! Bra jobba av Marokko som utførte denne bragda. Lenge leve Afrika.
Det tvitra tidenes mest kjente fotballspelar frå Elfenbeinskysten, Didier Drogba, etter at Marokko tok seg vidare til semifinale i Qatar-VM.
Nigerias avtroppande president var også stolt afrikanar.
– Marokko gjer heile kontinentet stolte, var beskjeden frå Muhammadu Buhari.
Marokko er landslaget som kjempar for eit heilt kontinent, i alle fall i følge lagets trenar.
– Me har eit heilt folk bak oss, eit heilt kontinent bak oss, og den arabiske verda med oss, sa Walid Regragui på pressekonferansen i forkant av kvartfinalen mot Portugal.
Og etter kampen kunne journalistar rundt om i Afrika intervjue folk som hylla det marokkanske landslaget.
Melde seg ut av fellesskapet
I gruppespelet slo dei Belgia, så Marokko har slått tre land som er tidlegare kolonimakter i Afrika. Og no er det Frankrike som står på motsett side av banen. Meir symbolsk kan det nesten ikkje bli.
Marokko har blitt laget som slår land som mange afrikanarar synest det er ekstra gøy å slå. Lovorda er mange i retning av Marokko, men slik har det ikkje alltid vore.
For det er ei politisk sak som framleis gjer til at mange afrikanske land er negative til Marokko: Den langvarige og stadig aktuelle konflikten i Vest-Sahara.
Mange meiner Vest-Sahara er Afrikas siste koloni, og at kolonimakta er Marokko.
Vest-Sahara er eit område som er spesielt rikt på fosfor. Det ligg på Afrikas fastland, rett aust for Kanariøyene. Nesten like stort som Storbritannia i areal, men samtidig veldig tynt befolka.
Ei rekke afrikanske land støtter Vest-Sahara sin rett til sjølvstende, og Den afrikanske union (AU) har anerkjent Vest-Sahara som eit medlemsland.
Det skjedde i 1984, og Marokkos svar var å melde seg ut av organisasjonen. Som einaste afrikanske land stod Marokko utanfor unionen.
Kanskje var det ein form for motreaksjon at dei nokre år etterpå søkte om å få bli med i Europas svar på AU, nemleg EUs forgjengar Det europeiske fellesskap.
Men sjølv om Marokko på mange måtar grenser til Europa, så vart søknaden avslått fordi Marokko ikkje er eit europeisk land.
Vil ha støtte og samtidig okkupere
I mange år stod altså Marokko utanfor det gode fellesskap, men i 1999 starta ein snuoperasjon. Då tok kong Mohammed VI over trona i Marokko.
Sidan den gong har det å bygge seg opp som ein stormakt i Afrika vore ein viktig del av Marokkos utanrikspolitikk. Landet har jobba for eit betre samarbeid, og i 2017 vart Marokko medlem igjen av Den afrikanske union.
– Afrika er min heim, og eg kjem no heim igjen, sa kong Mohammed på møtet der Marokko vart medlem igjen.
Men Marokko har samtidig stått fast på sitt syn på Vest-Sahara, og har også jobba for å støtte til sin eigen Vest-Sahara-politikk.
Okkupasjonen av Vest-Sahara har halde fram, og Marokko har gong på gong brukt diplomatiet til å skaffe støtte til denne okkupasjonen.
Dermed har også kritikken halde fram, og spesielt den store naboen Algerie har vore kritiske til Marokkos rolle i Vest-Sahara-konflikten.
Eit knutepunkt
Men i motsetnad til Vest-Sahara, så er Marokko eit stort land. Deira strategiske plassering i eit slags globalt vegkryss fører til at marokkanarane kan spele på mange strenger.
Landet ligg i Afrika, men berre nokre steinkast frå Europa. Samtidig er Marokko ein del av den arabiske verda.
Og det høgaktuelle fotballandslaget er på mange måtar eit symbol på Marokkos tette band til ulike delar av verda.
- Dei fleste av spelarane er fødde og oppvaksne i Europa, og er levande bevis på Marokkos tette band til spesielt Frankrike og Spania, men også Belgia.
- Laget representerer Afrika i VM. Og lagets leiarskap understrekar tydeleg at dei også spelar på vegner av Afrika, og ikkje berre Marokko.
- Samtidig har Marokko enda opp med å bli den arabiske representanten i den første meisterskapen i den arabiske verda.
Flagg på bana og song på TikTok
Og når det gjeld den arabiske verda, så vart ikkje akkurat støtta mindre etter at den marokkanske forsvarsspelaren Achraf Dari tok med seg eit palestinsk flagg i feiringa etter Marokkos siger over Spania.
Stuntet hadde ein tydeleg politisk bodskap. Det var ein tydeleg markering til støtte for Palestina som får delar av sitt territorium okkupert av Israel.
Stuntet fører til nye fans og jubel i den arabiske verda. I Ramallah på Vestbreidda var Marokko-fansen mange då det var Portugal sin tur til å bli slått ut i kvartfinalen.
Men samtidig som dei har markert motstand mot okkupasjon, så har dei marrokkanske spelarane også vekt merksemd med det som blir tolka som ei støtte til okkupasjon.
Også denne gongen er det Achraf Dari som står i sentrum. I ein video han har lagt ut på TikTok kan ein sjå og høyre frå Marokkos spelarbuss. Fleire av spelarane syng med på hitsongen «Laayoun Aynia».
I sosiale medium er det mange som meiner litt av songteksten kan tolkast til «Sahara tilhøyrer oss. Dets land tilhøyrer oss». Dermed kan songteksten oppfattast som ei støtte til Marokkos krav på Vest-Sahara.
Andre meiner at det berre er snakk om glade fotballspelarar som syng ein marrokansk song, og at videoen ikkje kan tolkast som eit politisk utspel.
Fotballjubel i Vest-Sahara?
Uavhengig av TikTok-videoen, så er det likevel ingen tvil om at Marokkos fotballsuksess blir brukt for alt det er verdt av dei mange marokkanske aktivistane i sosiale medium.
Ein situasjon som går igjen er video og bilete av det som skal vere fotballfans i Vest-Saharas hovudstad, Layyoune. Teksten som følger med innlegga hevdar at folk har gått mann av huse i Vest-Sahara for å feire fotballsuksessen.
Men i innlegga blir det ikkje nemnt at befolkninga i Vest-Sahara har blitt gradvis bytta ut gjennom nesten 50 år. Mange av dei som bur der i dag er opphavleg frå Marokko, og støtter dermed også den marrokkanske okkupasjonen.
I kveld skal Marokko forsøke å slå ut Frankrike frå VM. Det blir med brei støtte frå land sørover på det afrikanske kontinent, og austover i den arabiske verd.
Også spørst det om det blir nye palestinske flagg eller songar på TikTok om Marokko verkeleg gjer storeslem og tek seg heilt til finalen.