NRK Meny
Normal

Marios (18) vrakar Hellas for Noreg

ATEN (NRK.no): Berre fem veker gamal flytta norsk-greske Marios frå Molde til Hellas. Etter 18 år har han bestemt seg for å flytta tilbake til den norske kystbyen. – Eg ser inga framtid for meg i Hellas når økonomien og systemet fungerer så dårleg, seier han.

Marios Gustad Padazopoulos flyttar frå Hellas til Noreg

Marios Gustad Padazopoulos (18) er halvt norsk, men har budd heile livet sitt i Hellas. No flyttar han til Molde. Å ta fatt på vaksenlivet i eit land i økonomisk krise fristar lite, seier han til NRK.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Marios Gustad Padazopoulos er resultatet av ei kjærleikshistorie mellom ein gresk sjømann og ein norsk turguide som fann kvarandre på kaien i Molde i 1982 og etablerte seg i Hellas.

– Eg får alltid spørsmål om eg føler meg mest norsk eller gresk, men eg kan ikkje velja, Eg føler at eg har to heimland, seier 18-åringen på klingande moldedialekt.

Likevel er det Noreg den unge norsk-grekaren har falle ned på når han no er blitt myndig og skal forma seg ei framtid. Det til tross for lidenskapen han har for det greske folket, det behagelege klimaet og den greske matretten Souvlaki.

– Den økonomiske stoda i Hellas er ein viktig grunn til at eg flyttar til Noreg. Det er trist å seia, men eg ser ikkje ei framtid her. Her finst ikkje statleg studiestøtte, det er vanskeleg å få seg jobb og løna er dårleg, seier Marios, som har invitert NRK heim til seg i den pittoreske hamnebyen Pireus, sørvest for Aten.

Seks av ti unge utan jobb

Hellas har ifølgje Eurostat den høgaste arbeidsløysa i Europa – 25,6 prosent. Av unge grekarar under 25 år, er heile 60 prosent utan jobb.

Den økonomiske krisa i landet er difor eit minst like heitt samtaletema blant ungdomen som i vaksne lag, kan Konstantinos Polychronakis (18) fortelja.

Han er ein smule misunneleg på den norsk-greske bestekompisen sin, som med sitt doble statsborgarskap kan flytta ifrå den greske tragedien.

– Eg er litt sjalu, men eg er patriot og vil helst bu i Hellas. Det vil ta tid å byggja opp landet vårt igjen, men eg har trua, seier han, i ein overraskande optimistisk tone.

– Eg må vera optimistisk for å klara å halda humøret oppe og unngå å bli deprimert, legg Polychronakis til.

Konstantinos Polychronakis ogMarios Gustad Padazopoulos

Norsk-greske Marios Gustad Padazopoulos (t.h.) flyttar frå Hellas til Noreg, der den økonomiske situasjnen er ein heilt annan enn hos grekarane. Bestekameraten hans, Konstantinos Polychronakis (t.v.) har ingen alternativ ogkryssar fingrane for at økonomien i Hellas kjem på fote igjen. I dag er seks av ti unge i Hellas utan arbeid.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Til Molde med forretningsidé i bagasjen

I dag gjekk låneprogrammet som Hellas har inngått med EU, IMF og Den europeiske sentralbanken (ESB) ut på dato. Samstundes forfall dei første avdraget på naudlånet grekarane fekk for mange år sidan. I løpet av juli må Hellas betala tilbake milliardsummar til IMF - pengar dei ikkje har.

Det er med dette bakteppet at Marios no flyttar til Noreg og blir økonomistudent på Høgskulen i Molde. Planen er å bli entreprenør. Med seg i bagasjen har han nemleg ein hemmeleg forretningside frå Hellas som han vil utvikla i Noreg.

Han føler seg privilegert som har «to dører opne». Å bli verande i Hellas er eit lite freistande alternativ.

– Då måtte eg ha blitt buande heime hos mor mi. Kanskje hadde eg fått meg ein dårleg betalt kaféjobb og gått på eit gresk universitet der det ofte er mangel på lærarar og utstyr. Det sosiale livet ville blitt innskrenka fordi alt kostar pengar, spår han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt