Hopp til innhold

Marine Le Pens stabssjef er tiltalt i samband med skuldingar om EU-svindel

Marine Le Pens stabssjef Catherine Griset er sett under formell etterforsking etter skuldingar om at ho skal ha motteke løn for ein fiktiv jobb i EU-parlamentet.

Marine Le Pen med medarbeidere

Marine Le Pen på veg til eit kampanjemøte i Lyon 4. februar, flankert av stabssjef Catherine Griset (andre til høgre) og livvakt Thierry Legier (tredje til venstre)

Foto: JEFF PACHOUD / AFP

Le Pen, som i tillegg til å vere presidentkandidat og leiar av Nasjonal Front er medlem av EU-parlamentet, har vore under etterforsking for å ha brukt parlamentets pengar til å lønne assistentar for partiarbeid utført i Frankrike. Måndag skal fransk politi ha gjennomgått partiets hovudkvarter i Nanterre, ein forstad til Paris.

Stabssjefen til Le Pen, Catherine Griset blei tidlegare på onsdag avhøyrt saman med Le Pens livvakt Thierry Legier av antikorrupsjonspoliti. Legier fekk seinare gå. Dei to skal ha motteke rundt 340.000 euro som var rekna på å betale tilsette i EU-parlamentet.

EU-reglane fastslår at dei midla parlamentsmedlemmene har tilgang til berre kan bli brukt til å løne medarbeidarar som er tilsett ved parlamentet i Brussel.

Sjølv avviser Le Pen det som ein svertekampanje i det som har vist seg å vere ein dramatisk og uføreseieleg presidentvalkamp.

– Det franske folk klarer godt å sjå forskjellen på verkelege «affærar» og politisk spel, var hennar kommentar onsdag morgon, skriv Le Monde.

Ein av «affærane» Le Pen kan tenkast å sikte til er den som har dominert franske medium den siste tida – døpt «Fillon-affæren». Den konservative presidentkandidaten Francois Fillon har vore i hardt ver etter skuldingar om at han skal ha lønna kone og barn godt frå statskassa på tynt grunnlag.

Le Pen har den siste tida gjort det godt på meiningsmålingane, og EU-kritikaren fekk fornya sjølvtillit etter at britane stemte for å forlate EU i sommar og endå meir då Donald Trump vann presidentvalet i USA. Likevel er det venta at kandidaten frå ytre høgre ikkje vil klare å famne breitt nok, og difor tape den andre og avgjerande valomgangen.

Første runde av presidentvalet er 23. april. Andre runde er 7. mai.

SISTE NYTT

Siste nytt