Hopp til innhold

Surrealistisk kamp for å få henta surrogatitvillingar med privatfly

Då Ukraina stengde grensa på grunn av korona, måtte Maria og Andreas skunde seg for å få henta tvillingane dei skulle få med surrogatmor der. – Det var uverkeleg og fantastisk å plutseleg ha dei armane.

Svenske Maria og Andreas med tvillinger i Ukraina.

Maria og Andreas blei foreldre medan dei sat i karantene på eit hotellrom i Kiev. Dei fekk tvillingane Loui og Ella med surrogatmor i Ukraina.

Foto: Privat

Etter at India og Thailand gjorde det forbode for utlendingar å bruke surrogatmødrer i desse landa, er det mange som har søkt seg til Ukraina i eit forsøk på å bli foreldre.

Men koronapandemien har ført til at rundt 100 spedbarn i landet ikkje får kome til dei nye utanlandske foreldra. Dersom grensene ikkje blir opna snart, fryktar dei at talet kan stige opp mot 1000.

Blant dei som venta på barn fødd av surrogatmor i Ukraina, var det svenske paret Maria og Andreas. Dei fekk panikk då dei høyrde at landegrensene var i ferd med å stenge.

– Vi tok kontakt med ambassadane, googla og følgde med på diskusjonsforum for surrogatfamiliar. Vi leita både dag og natt etter måtar vi kunne kome oss inn i landet på, seier Maria til NRK.

Dei ønsker å berre bruke fornamnet fordi dei fryktar hets i sosiale medium.

Fekk barn i karantene

Etter å ha stilt opp i nyheitene på svensk fjernsyn, kom løysinga for Maria og Andreas. Ein anonym gjevar betalte eit privatfly slik at dei kunne reise til Ukraina for å hente tvillingane dei venta på.

Då dei kom fram til Kiev, måtte dei i karantene. Medan dei sat der, fekk dei melding om at barna var i ferd med å bli fødde, nokre veker før tida.

– Det var så mykje som skjedde på den tida, så det var vanskeleg å henge med på alt. Det var surrealistisk. Samtidig var vi glade for at dei skulle bli fødde. Det var mange kjensler på ein gong.

Det svenske paret fekk møte tvillingane, ein gut og ei jente, første gong då barna var fem dagar gamle.

– Med så mykje stress, uro og spenningar som hadde bygd seg opp over tid, var det fantastisk å plutseleg stå der med dei armane.

Tvillingene Loui og Ella

Loui (t.v.) og Ella fekk møte sine svenske foreldre første gong då dei var fem dagar gamle.

Foto: Privat

Venter på utreise

Bilda av barna i Ukraina som ventar på foreldre frå utlandet, har sett fyr på debatten om surrogati i sosiale medium igjen. Mange meiner dette viser kor gale det kan gå med surrogati.

Men Maria seier dei berre har fått positive tilbakemeldingar.

– Dei reaksjonane som har nådd oss, har vore positive. Samtidig har det vore stor pågang frå medium over heile verda som vil snakke med oss, og fortelje historia vår. Det blei nesten litt for mykje.

Dei er framleis i Ukraina med tvillingane og ventar på at papira skal kome i orden, slik at dei får reist heim til Sverige.

– Problemet no er å finne eit fly. Det går eit fly til København fredag, så vi håper vi har fått på plass pass før den tid, slik at vi kan reise, seier ho til NRK.

x6EVPrRa3Ec

Bilda av alle surrogatibarna i Ukraina som ventar på sine utanlandske foreldre, gjekk verda rundt i førre veke.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt