NRK Meny
Normal

Marcello «Dansaren» Pesce teken på senga

Ein av toppane i den italienske 'Ndrangheta-mafiaen, Marcello «U Ballerinu» Pesce vart arrestert i heimbyen Rosarno i det sørlege Italia. Han har vore på flukt frå politiet sidan 2010.

VIDEO: Sjå politiet sin video frå arrestasjonen av Marcello Pesco

'Ndrangheta-mafiaen har basen sin i Calabria på sørspissen av det italienske fastlandet. Organisasjonen er i dag den mektigaste av dei italienske mafiagruppene, mykje på grunn av at dei har sikra seg kontrollen over det meste av kokain-trafikken i Europa.

Organisasjonen er også kjent for sin nesten ufattelege brutalitet mot tystarar og andre dei meiner står i vegen. Derfor er det svært vanskeleg for antimafia-politiet å rekruttere spionar internt i organisasjonen.

Intelligent og velutdanna

I dag tidleg vart Marcello Pesce bokstaveleg talt teken på senga i eit langt frå prangande husvære i den kalabriske småbyen Rosarno. Ei stor gruppe politibilar køyrde opp mot inngangen til bygningen, og i løpet av kort tid tok politifolka seg inn i husværet. Det er uklart om han var der åleine, eller om det også var vakter der.

¨Ndrangheta-bossen blir skildra som ein intelligent og velutdanna mann. Politiet opplyser at dei fann bøker av dei franske forfattarane Jean Paul Sartre og Marcel Proust. Namnet «Dansaren» fekk han fordi han rett og slett var ein glimrande dansar.

Marcello Pesce arrestert.

Marcello Pesce vart arrestert på soverommet sitt i Rosarno tidleg torsdag.

Foto: HO / Afp

Politiet meiner «Dansaren» har brukt tida si på heilt andre ting enn dansing og litteratur opp gjennom åra. Dei meiner han er overhovud i ein av dei mektigaste klanane i 'Ndrangheta, og at han har tent store pengar på kokainsmugling og diverse økonomiske brotsverk.

Mafia-toppar tekne på senga i fjellbunker

'Ndrangheta-mafiaen - ei historie om blomster og kokain

– Gav ordre til fleire drap

Ifølgje vitnemål har han gitt ordre om fleire drap, blant anna på ein av sine eigne medarbeidarar som nekta å følgje ordre. Det skjedde etter at han nekta å drepe ein mann som Pesce meinte var ansvarleg for at kona hans omkom i ei trafikkulukke.

Politiet frykta lenge at Pesce hadde greidd å stikke av til utlandet. Han har gode kontaktar både i Sør-Amerika og i fleire europeiske land, og han kan ha opphalde seg utanfor Italia i fleire år.

Det er uklart korleis politiet greidde å spore han opp i heimbyen Rosamo.

'Ndrangheta-mafiaen er kjend for sin flate leiarstruktur. Fleire familiegreiner driv i stor grad sjølvstendig, og organisasjonen har truleg ikkje ein suveren toppsjef, ein «capo di tutti capi» som det heiter på mafiaspråket.

Tilbake til marerittet

- Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

Blodig rivalisering

Det har også vore blodig rivalisering mellom dei ulike klanane, noko som blant anna førte til massakren i den tyske byen Duisburg i august 2007. Her vart seks unge menn skotne og drepne utanfor ein pizzarestaurant, og det vart kjapt slått fast at det var eit internt oppgjer i 'Ndrangheta.

Organisasjonen har dei siste åra ekspandert sterkt både i det nordlege Italia og i andre europeiske land, men det er uklart om dei har etablert underavdelingar her i landet.

Etterlyst mafiaboss «kom ut av skapet»

Dette er ‘Ndrangheta-mafiaen

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt