Hopp til innhold

Mannen som har satt verda i brann

Pastor Terry Jones samanliknar seg med Martin Luther King og Josva i Bibelen. Han meiner det han har å seie, er viktigare enn om medmenneske blir drepne.

Video Pastoren bak koranbrenningen

Pastor Terry Jones kan ikkje seie at han ikkje visste kva han gjorde.

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

I desse førpåskedagane kan det vere greit å minne om at Jesus blei korsfesta før Internett var på moten.

Vi kan berre førestille oss dei internasjonale reaksjonane på avrettinga, og Romarrikes raske fall, om ikkje teknologien var kome så kort den gongen.

Dette nemnt når vi ser korleis eit tåpeleg stunt av ein religiøs pyroman i det nordlege Florida i dag kan få menneskemassar til å gå amok 12.000 kilometer unna.

Brent på «forsvarleg vis»

Terry Jones har eit stort talent for publisitet.

Utan Internett ville han - for å halde oss nær hans terminologi - ikkje hatt «ein snøballs sjanse i helvete».

Men pastoren med ein kyrkjelyd på 30 medlemmar, klarte altså å opprøre ei heil verd med trusselen om å brenne Koranen 11. september i fjor.

Han blei fordømt av USAs president Barack Obama og oppringt av forsvarsminister Robert Gates personleg, men skrinla planen sin først då han meinte at han hadde fått endra eit islamsk byggeprosjekt nær tomta etter det terrorråka World Trade Center i New York.

Så heldt han likevel no i mars tullerettssaka si mot Koranen og dømde eit eksemplar av den heilage boka til å bli brent, direkte på Internett.

Han diskuterte metoden, seier han, om han skulle bløyte Koranen i vatn eller skyte på den eller berre kaste den i søpla. Men så blei det altså brenning.

Ifølge Jones på forsvarleg vis etter regelverket innandørs, med ein representant for brannvesenet til stades.

«Ein slange i barnesenga»

Jones meiner at han har rett til å brenne Koranen fordi boka er full av løgner og tener vald, død og terrorisme.

Jones omtalar islam som ein slange som ligg i barnesenga, og det er vel ingen som vil ha ein slange der?

Å brenne heilage bøker er då heller ikkje kriminelt i USA.

Andre vil nok seie at sjølv om du har rett til å gjere noko, er ikkje det det same som at det er rett å gjere det. Det er lov å bruke hovudet også.

Jones meiner at han har følgt rettsprinsippa ved å la ein muslim forsvare Koranen i rettssaka - ein mann frå Texas som seier at han trudde at han var invitert til Florida for å diskutere Koranen, og som såg det som eit fint høve til å ta med seg kona og dei fem barna til Disney World.

Mannen skal visstnok også ha prøvd å bli presidentkandidat i Sudan.

I fotspora til store karar

Det seiest at Jones no trekk fleire TV-kamera enn tilhengarar.

Sist søndag, same dag som enda tre menneske døydde i opptøyane i Afghanistan, var 14 av kyrkjelyden til stades ved gudstenesta hans.

I preika samanlikna Jones seg først med Martin Luther King og deretter med Josva, som i Det gamle testamentet leidde israelittane tørrskodde over Jordanelva og inn i det lova landet.

Døme på leiarar som tok store risikoar, akkurat som Terry Jones sjølv.

Helsinga hans til pårørande til dei drepne FN-tilsette i Mazar-i-Sharif, er at evangeliet må forsvarast.

Sendt heim frå Europa

Terry Jones har eit solid sjølvbilete.

Han har vore misjonær i Europa og såg på seg sjølv som ein religiøs imperiebyggar, seier dei som kjende han i Tyskland. Han blei send heim på grunn av ekstremisme og dårleg bokføring.

No er han der han trivst, som martyr i rampelyset og i kamp mot ein overveldande motstandar - som ein David mot Goliat.

Dei som vil stanse han, må drepe han. Han har alt fått 300 dødstruslar, opplyser han. FBI har informert han om at det i Pakistan er utlova ei belønning på 15 millionar kroner på hovudet hans.

Denne kjensla av å stå aleine og utanfor, som han tydelegvis dyrkar, nærer han også ved å ha basen sin midt i eitt av dei mest akademisk avanserte og ettertrakta områda i USA.

Gainesville huser University of Florida, ein av dei største lærestadene i USA der kvar femte vaksne innbyggar i byen har ein eller annan doktorgrad.

Gainesville vil gjerne framstå som eit mangfaldig og tolerant lokalsamfunn. Det er eit paradoks at det er Jones som har gjort bynamnet kjent over heile kloden.

Den lokale banken vil no ha tilbakebetalt lånet sitt til kyrkja, og det lokale forsikringsselskapet har oppheva avtalane sine med Jones på grunn av koranbrenninga.

Jones prøver derfor no å selje kyrkjetomta for å flytte frå Florida og finne nye misjonsmarker.

Og om du lurer, Jones har lese enkelte avsnitt av Koranen. Enkelte.

SISTE NYTT

Siste nytt