Den dramatiske hendinga vart fanga opp av eit overvakingskamera fredag på metrostoppet Puerta del Ángel i den spanske hovudstaden, skriv den spanske avisa El País.
Låg urørleg på skinnegangen
Videoklippet viser den 41 år gamle spanjolen som går bakover, mistar fotfeste og fell ned på skinnegangen rett før ei t-bane vogn skal passera stasjonen.
- LES OGSÅ: Kastet mann ned på skinnene
Mannen blir liggjande, og vitskremde passasjerar som er vitne til hendinga prøver desperat å varsla konduktøren. I det dei trur det er for seint og snur seg vekk for å sleppa å sjå mannen verta overkøyrt av vogna, kjem ein snarrådig person i fullt firsprang frå motsett ende av plattformen.
Snarrådig redningsmann
Redningsmannen var ein nyutdanna politibetjent som var ute av teneste då hendinga skjedde. Han skulle på handel saman med kjærasten, då han la merke til ventande passasjerar som skreik og vinka febrilsk.
Den 30 år gamle mannen som begynte i politijobben for knappe 2 månader sidan, vrengde av seg jakka i fart, kasta seg ut på skinnene og fekk slept vekk mannen frå den sikre død.
Personen som fall skal ha kome frå nær-døden opplevinga med lettare skadar.