NRK Meny
Normal

Mann pågripen for fontene-hærverk

Politiet i den italienske hovudstaden Roma arresterte i dag ein 52 år gammal mann for å ha gjort hærverk på fleire av kulturskattane i byen.

Video Arrestert for kunst-hærverk i Roma

VIDEO: Arrestert for kunst-hærverk i Roma

Den 52 år gamle mannen har vedgått å ha brote av to dragehovud på den vidgjetne fontena på Piazza Navona, "Fontana di Moro" natt til laurdag. Dette er eitt av dei aller mest kjende verka til renessansekunstnaren Glan Lorenzo Bernini.

Filma av overvakingskamera

Vandalen braut av to dragehovud frå fontenen.

Vandalen, som no er pågripen, braut av to dragehovud frå fontenen på Piazza Navona.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Mannen prøvde også å gjere hærverk på den endå meir vidgjetne «Fontana di Trevi», men her greidde han ikkje å gjere noko skade.

Politiet i Roma opplyser til nyheistbyrået ANSA at mannen vart identifisert gjennom overvakingskamera. Han er kraftig bygd og hadde spesielt kvite sålar på joggeskoene sine.

- Det var desse kjenneteikna som avslørte han, seier ein politi-tenestemann.

Då han vart pågripen i dag, hadde han akkurat same kleda og skoene på seg som natt til laurdag. Mannen bar preg av å vere noko forvirra, opplyser politiet.

Fann igjen bitane

Arbeidet med å restaurere «Fontana del Moro» etter vandalismen natt til laurdag, starta opp alt i dag. Marmorbitane som vandalen hadde fjerna frå fontena, er funne igjen.

Den 52 år gamle mannen skal ha sagt til politiet at han gjorde hærverket fordi han ville skape merksemd om dei personlege problema sine. Han skal ha meint seg urettferdig behandla i rettssystemet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt