Hopp til innhold

Mann omkom - kona funnen etter ein månad

Ei tsjekkisk kvinne vart i går funnen i live i ei vakthytte langs den vidgjetne vandrarruta Routeburn i nasjonalparken Fiordland på New Zealand. Då hadde ho vore utan kontakt med omverda sidan mannen hennar omkom i ei ulukke 28. juli.

Routeburn Track i New Zealand.

Naturen langs Routeburn-ruta på South Island på New Zealand er svært vakker og spesiell.

Foto: Carey J. Williams / Ap

Det er vinter på New Zealand no, og det er langt mellom turistane på den populære turstigen på South Island. Likevel la kvinna ut på tur i området saman med mannen sin 26. juli i år.

Etter berre to dagar ramma tragedien. Mannen hennar omkom i ei fallulukke medan dei vandra ned ei bratt fjellside. Dei vart overraska av dårleg ver og kom bort frå turstigen.

Vandra ute i tre døgn

Ho har fortalt at ho vandra ute i tre døgn, før ho makta å kome fram til ei vakthytte tilhøyrande naturforvaltinga ved Lake Mackenzie, rundt halvvegs på den 32 kilometer lange Routeburn Track. Der vart ho altså funnen i går av mannskap som var ute på leiting etter det tsjekkiske paret.

Routeburn Track New Zealand.

Det var i dette uvegsame området den tsjekkiske mannen fall og miste livet 28. juli.

Foto: New Zealand Police

Det var familiemedlemer i Tsjekkia som slo alarm, fordi dei ikkje hadde høyrt noko frå dei på over ein månad.

Politisjefen i Otago Lakes, som har det skandinavisk-klingande namnet Olaf Jensen, seier det er svært uvanleg at nokon er sakna i villmarka i New Zealand så lenge, utan at dei blir varsla.

– Hadde litt erfaring

Han fortel at kvinna, som er tidleg i 30-åra, hadde vore på New Zealand saman med mannen sin sidan januar i år. Dei var relativt godt utstyrte, og dei hadde litt erfaring frå vandringar i villmarka her, seier han.

– Hytta ligg rundt to kilometer frå staden der mannen hennar omkom. Ho braut seg inn i hytta, der det var eit lager av matvarer, ved og gass. Det var ein radiosendar der, men ho fekk han ikkje til å fungere, seier Olaf Jensen.

Kvinna hadde ein skade i eine beinet, noko som saman med minst ein meter snø og rasfare, gjorde at ho ikkje tok sjansen på å forlate hytta. Ho greidde å lage ein stor H for hjelp i snøen utanfor, i håp om at bokstaven kunne vere synleg frå lufta.

Routeburn track

Forfrysing og nedkjøling

Olaf Jensen fortel at kvinna har fått behandling for mindre alvorlege skadar, forfrysing og nedkjøling. Den tsjekkiske kvinna håpa at andre vandrarar skulle kome innom hytta, men ingen kom før leitemannskapa nådde fram i går.

– Ho var svært letta over endeleg å bli funnen, seier han.

Normalt brukar folk to til fire dagar på den populære fjellruta.

Ian Sime, talsmann for Otago Tramping and Mountaineering Club, seier at han aldri tidlegare har høyrt om nokon som har vore sakna så lenge på ei så mykje brukt vandringsrute.

SISTE NYTT

Siste nytt