Hopp til innhold

Anna (9) funnen i herreklede saman med framand mann

Ein framand mann var saman med den sakna niåringen Anna då frivillig leitemannskap fann henne i Gøteborg natt til fredag. Jenta var då kledd i herreklede.

Anna (9) forsvunnet i Gøteborg

Mannen som var saman med Anna då den sakna jenta vart funnen, sit no i avhøyr hjå svensk politi.

Foto: Privat

Anna (9) hadde vore sakna i 20 timar då frivillig leitemannskap fann henne klokka 2.48 natt til fredag i Öregryte i Gøteborg, 300-400 meter frå heimen hennar.

Jenta var på veg til skulen torsdag morgon, då ho forsvann sporlaust. Det blei slått full alarm og sett i stand ein storstilt leiteaksjon.

Ifølgje Aftonbladet var det organisasjonen Missing People som til slutt fann henne.

– Sa dei hadde levert smørbrød til leitemannskapet

Ei kvinne frå Missing People møtte ein mann som kom gåande langs gata og leidde eit barn med altfor store klede på seg.

– Kvinna reagerte over den underlege klesdrakta til barnet, og tykte det skurra at andletet var skjult av ei neddregen lue, fortel Anneli Johansson i organisasjonen til svenske Aftonbladet på nett.

Først skal mannen ha forklart at han og «guten» var ein del av leitemannskapet. Deretter forklarte han at dei to hadde levert smørbrød til dei som gjekk manngard i søket etter den sakna jenta.

Men då kvinna drog opp lua til barnet og såg at det var den sakna Anna, var mannen avslørt.

«Eg har ikkje gjort noko», skal han då ha sagt.

Missing people med i søket etter Anna (9)

Det var frivillige frå organisasjonen Missing People som fann Anna like før klokka 3 natt til fredag.

Foto: SVT

Redd og lei seg

Mannen, som er i 20-åra, sit fredag føremiddag i avhøyr hjå svensk politi. Deretter vil statstadvokaten vurdera om mannen bør varetektsfengslast. Svensk politi ser på hendinga som ei bortføringssak.

Jenta er send til sjukehus for undersøkingar. Politiet kan førebels ikkje svara på om ho er skadd.

Leiaren for leitepatruljen kunne ikkje sjå at jenta var fysisk såra.

– Ho var redd, lei seg, kald og trøtt. Men så vidt eg kunne sjå var ho uskadd, fortel John Pettersson til avisa Expressen på nett.

Pettersson seier dei blei mistenksame då dei såg ei lita skremt jente ute klokka tre om natta saman med ein ukjend mann.

Under herrekleda hadde jenta sine raude skuleklede. I ei veske som tilhøyrde mannen låg eigedelane til jenta, blant anna mobiltelefonen hennar, som hadde vore avskrudd sidan ho forsvann.

– Me kjende att kleda hennar. Deretter stilte me oss i ring rundt mannen og ringde politiet, seier Pettersson.

Jenta blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, og fekk litt tid saman med foreldra sine. Niåringen forklarde seg også kort for politiet før ho blei frakta til sjukehuset for ein grundigare sjekk.

– Ho har kortfatta fortalt oss kvar ho har vore og kva som har skjedd, seier informasjonsansvarleg i politiet Stefan Gustavsson til Aftonbladet, utan at han vil avsløra detaljar kring jenta si forklaring.

SISTE NYTT

Siste nytt