Hopp til innhold

Mann fall frå passasjerfly – styrta i hage i London

Ein mann som fall frå eit fly over London søndag, landa i ein hage i bydelen Clapham. Han styrta i bakken berre ein meter frå der mannen i huset låg og sola seg.

Offerton Road i London.

Det var i ein hage i denne gata i Clapham i London at ein mann landa etter å ha falle frå eit fly

Foto: Google Street View

Det var søndag ettermiddag at politiet vart alarmert om funnet av ein død mann i Offerton Road i bydelen Clapham sør i den britiske hovudstaden. London Metropolitan Police opplyser at mannen truleg har falle frå eit fly frå Kenya Airways på veg frå Nairobi til Heathrow.

Ein av naboane fortel at mannen landa berre ein meter frå der naboen låg og sola seg i hagen. Han høyrde ein kraftig smell, og då han kika ut av vindauget såg han mannen liggjande i ein blodpøl i nabohagen.

– Sterkt prega

Kenya Airlines.

Mannen hadde gøymt seg i hjulrommet på eit fly frå Kenya Airlines. Dette biletet er frå Joseph Kenyatta-flyplassen i Nairobi.

Foto: Thomas Mukoya / Reuters

– Eg sprang ut, og då møtte eg naboen. Han vart sterkt prega av det som hadde skjedd, seier den anonyme mannen til BBC .

Politiet reknar med at mannen hadde gøymt seg i rommet der landingshjulet er plasserte når flyet er i lufta. Ved ein inspeksjon av flyet etter landing vart det funne ein bag saman med vatn og litt mat der.

Politiet reknar med at det er snakk om ein mann i 20-åra som prøvde å ta seg ulovleg inn i Storbritannia.

Ein talsmann for Kenya Airways seier at den 6480 kilometer lange flyturen frå Nairobi til London tek åtte timar og 50 minutt. Han forsikrar om at dei samarbeider tett med politiet både i Nairobi og London i etterforskinga av saka.

Like ved parken

Flyet, ein Boeing 787, flaug i ei høgd på 1200 meter då landingshjula vart tekne ut. Det var truleg då mannen fall. Det er uklart om han då alt var død, eller om han døydde i fallet.

Ein person, ein såkalla flytittar, såg mannen falle frå flyet, og han ringde til politiet omtrent samstundes med naboane.

– Hadde flyet vore eit par sekund tidlegare ute hadde mannen landa midt i parken Clapham Common, og der var det fullt av folk. Det kunne ha vorte ein katastrofe, seier han.

Ein av naboane fortel til BBC at den døde mannen var innkapsla i eit lag av is då han trefte bakken.

Skjedd også tidlegare

Dette er ikkje første gongen eit menneske har falle frå eit fly på veg inn mot Heathrow. I 2015 fall ein mann ned frå eit British Airways-fly på veg frå Johannesburg til Heathrow. Han vart funnen død i bydelen Richmond, medan ein annan mann vart funnen sterkt forkomen i hjulrommet på flyet.

I 2012 vart det funne ein død mann i hjulrommet på eit fly frå Cape Town på Heathrow-flyplassen.

London-politiet seier at den døde mannen vil bli obdusert, og at saka blir etterforska som ei kriminalsak.

Det er strenge tryggingstiltak rundt flyplassar, så eit spørsmål kenyansk politi må finne ut av er korleis mannen kom seg inn på flyplassen og om bord på flyet.

SISTE NYTT

Siste nytt