Hopp til innhold

Mann arrestert i Spania etter Paris-terror

Spansk politi har arrestert ein mann, som er mistenkt for å ha levert våpen til terroristen som i januar 2015 drap fem menneske i ein jødisk butikk i Paris.

Fransk politi utenfor en kosherbutikk hvor minst fem holdes som gisler

Franske politifolk tok stilling utanfor den jødiske butikken medan det enno var ein gisselsituasjon.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Arrestasjonen skjedde i byen Rincon de la Victoria, ikkje langt frå Malaga på Costa del Sol, og det var ein samordna aksjon mellom fransk og spansk politi, opplyser det spanske innanriksdepartementet.

Den militante islamisten Amedy Coulibaly tok seg inn i ein jødisk butikk i Paris berre nokre dagar etter at 12 menneske vart drepne i angrep mot redaksjonslokale til satiremagasinet Charlie Hebdo.

Terroristen Amedy Coulibaly.

Terroristen Amedy Coulibaly tok livet av fem menneske i ein jødisk butikk i Paris før han vart skoten og drepen av politiet.

Foto: STRINGER / Afp

Han tok livet av fire jødiske kundar i butikken og ei politikvinne før han vart skoten og drepen av andre politifolk som kom til.

Budde i Spania

Spanske styresmakter har slått fast at Coulibaly oppheldt seg i Spania i tida før angrepet mot den jødiske butikken.

Mannen som vart arrestert i Spania i dag, Antoine Denive (27) reiste frå Frankrike nokre veker etter dette angrepet og slo seg ned i Spania. Ifølgje fransk politi har han her heldt fram med same verksemda han dreiv i Frankrike, å skaffe ulovlege våpen ved hjelp av falske dokument.

Det spanske innanriksdepartementet seier ikkje noko om Denive også er ein del av det militante islamistiske miljøet, eller om han opererer berre ut frå profittmotiv.

Disse angrepene i Europa har IS vært involvert i tidligere

Hovedmannens kusine førte politiet til Saint-Denis

Blir truleg utlevert

I ei fråsegn frå spansk høgsterett heiter det at Denive nektar for å ha levert våpen til Coulibaly, men at han godtek å bli utlevert til Frankrike. Han blir etter alt å dømme utlevert, dersom ikkje spansk påtalemakt finn grunn til å reise sak mot han for kriminelle handlingar han måtte ha gjort seg skuldig i, i Spania.

I ein video som vart publisert etter Coulibalys død, sa han at han koordinerte angrepet på butikken med brødreparet Cherifog Said Kouachis sitt angrep på Charlie Hebdo.

Eit bilete teke utanfor butikken like etter angrepet, kom på andre plass i nyheitskategorien under kåringa av Årets Bilete i 2015. Dette biletet kan gjere eit sterkt inntrykk.

Årets bilde 2015
Foto: Espen Rasmussen

SISTE NYTT

Siste nytt