Hopp til innhold

Mann arrestert i gisselaksjon i Paris

Nyheitsbyrået AFP melder at ein gisselaksjon i eit postkontor i Paris no er over. Ein mann er arrestert, gislane er slepte frie, og det skal ikkje vere snakk om terrorisme.

En mann skal ha tatt gisler på et postkontor utenfor Paris.

Området rundt postkontoret vart sperra av, og store politistyrkar kom til staden.

Postkontoret

Her ved dette postkontoret i Hauts-de-Seine fann gisselaksjonen stad.

Foto: Google Street View

Rundt klokka ett i dag kom det melding om at fleire gissel vart haldne av ein væpna mann på eit postkontor i forstaden Hauts-de-Seine. Ifølgje avisa France Info var det snakk om ein deprimert person i psykisk ubalanse som gjennomførte aksjonen.

Det er førebels ikkje noko som tyder på at gisselaksjonen har samanheng med terroråtaka i Paris førre veke.

Kjelder i politiet seier til avisa Le Figaro at det skal ha vore snakk om to til fem gissel, som vart haldne av ein væpna mann.

Politiet fekk i gang forhandlingar med gisseltakaren, som tidlegare har vore i politiets søkelys grunna mindre brotsverk, skriv RTL. Området rundt postkontoret vart sperra av, og store politistyrker vart sette inn for å finne ei løysing på situasjonen.

Kundane som fann seg inne i postkontoret då gisselaksjonen starta, klarte å flykte, melder France Info.

Colombes

SISTE NYTT

Siste nytt