Hopp til innhold

Mankell: – Angrar ikkje på at eg reiste

– Vi er urolege for våre vener som er igjen i fengselet, seier forfattaren Henning Mankell på eg heim frå Israel.

Henning Mankell

Mankell er på veg til Sverige, men er uroleg for dei som framleis er fengsla i Israel.

Foto: Herbert Knosowski / Scanpix/AP

Henning Mankell var av dei som vart pågripne etter at ein hjelpekonvoi på veg til Gaza vart stansa måndag morgon. På veg heim til Sverige seier han at han er uroleg for dei som er igjen i Israel.

– Vi er urolege for våre vener som er igjen i fengselet, seier Mankell til den svenske avisa Expressen.

Visste ikkje om drepne

Mankell og Mehmet Kaplan, politiar for Miljøpartiet, var dei to første svenskane som fekk plass på eit fly heim etter at hjelpekonvoien vart stansa. Begge seier dei er letta og glade over å vere frie igjen.

Under intervjuet med Expressen seier Mankell at han ikkje visste om at nokon hadde blitt drepne i angrepet.

– Det visste eg ikkje. Det hadde eg inga aning om. Oj, oj, oj, seier Mankell.

Vil ikkje kommentere

Den kjende forfattaren planlegg å halde ei pressekonferanse om eit par dagar.

– Vi har bestemt oss for å la vere å kommentere for mykje detaljar dei næraste to dagane. Det er ein god grunn til: nokre av våre beste venner er framleis i forvaring eller i fengsel i Israel. Så vi vil ikkje seie for mykje før vi veit at dei er heime, seier Mankell.

Mankell angrar ikkje på at han reiste.

– Absolutt ikkje. Absolutt ikkje. Det har jo verkeleg satt fingeren på temaet: kva skjer i Gaza?

– Ikkje gløym dei som er igjen

Forleggaren til Mankell seier han er overlykkeleg over at forfattaren og politikaren er på veg heim, men at ein må hugse på dei som ikkje går fri.

– Det einaste eg ønskjer no er att alle andre svenskar og andre som er fanga, blir sleppte fri så raskt som mogleg. Eg håpar verdssamfunnet kjem til å halde fram med å vise vrede mot Israel. Gleda over at nokre går fri, må ikkje gjere at vi gløymer dei andre. Det er mange som har det mykje verre enn svenkane, seier han til Expressen.se.

Video Erling Folkvord demonstrete foran ambassaden

Under demonstrasjonen utenfor den israelske ambassaden i Oslo mandag, uttalte Erling Folkvord under sin appell at Mankell var skutt.

SISTE NYTT

Siste nytt