- Dei har ikkje tepper, dei har ingen stad og bu og dei har ikkje mat, seier Knut Gundersen, som er ein del av det internasjonale observatørkorpset i Sri Lanka.
I Sri Lanka har mange flykta frå dei mest utsette områda. Berre i eitt av fylka på austkysten manglar 125.000 flyktningar både telt og mat.
Austkysten av landet er hardt råka etter flodbølgja sundag. Sjølv var Knut Gundersen på eit hotell ved stranda, og slapp så vidt unna. Han vart frakta ut i helikopter.
125.000 har flykta
Langs heile kysten er dei fem hundre meterane nærmast sjøen totalt rasert, ifølgje Gundersen. No har han flytta seg inn i landet. Det same har svært mange flyktningar gjort.
- Vi har 125.000 flyktningar i området, dei har ingen stader å bu. Alt som kan skaffast av telt er veldig kjærkome, fortel Gundersen.
Han fortel at det mange stader er svært mykje vatn att. Mange bruer er borte, og det er ikkje råd til å ta seg fram langs landevegen. I tillegg manglar det båtar på grunn av øydeleggingane.
Vanskeleg å kome fram
- Ein del av dei utsette områda er det umogeleg å kome seg fram til utan helikopter. Der er ikkje båtar tilgjengeleg. Eg snakka med politisjefen her i dag, og han bad innstendig om det var mogeleg å skaffe nokre båtar så ein kunne komme fram til dei områda som ikkje har fått hjelp, fortel Knut Gundersen.
Elisabeth Settemsdal er også observatør på Sri Lanka. Ho held til i Batticaloa, som også vart hardt råka av flodbølgja. Kring 1000 menneske er døde berre i dette distriktet. No deltek observatørane i hjelpearbeidet.
- Organisasjonar som jobbar med humanitær bistand gjer det dei kan. Dei kjøper varer i den grad det er tilgjengeleg. Det vi i observatørkorpset har gjort, er å bidra med transport av mat ut til ofra, og vi har hatt bilar som hentar døde menneske til sjukehuset for å identifisere dei, seier Settemsdal.
Stor fare for epidemiar
Det er nesten umogeleg å komme gjennom på telefon til Sri Lanka i dag. Mange er bekymra for seg og sine, så presset på nettet er stort. Ifølgje Knut Gundersen er det stor trong for både telt, mat og vatn. Det er også mangel på medisinar i tilfelle epidemiar.
- Ein kan tenkje seg alle menneske som er omkomne utan at dei er funne, og alle dyr som er omkone, enormt med buskap som kyr og vassbøflar. Det her vil føre med seg epidemiar som kan vere fatale for folk her viss ikkje noko blir gjort raskt, seier Gundersen.