Hopp til innhold

Vegar og bruer er vaska bort i Pakistan – meir flaum i vente

Flaumramma i Pakistan har venta i over ei veke på hjelp utanfrå. Øydelagde vegar, bruer og jernbanar gjer det vanskeleg å få fram nødhjelp. I tillegg blir hjelpa forseinka fordi utanlandske hjelpearbeidarar ikkje får visum.

Biler står i kø på vegen i et oversvømmet Pakistan

LANGE KØAR: I Sindh-provinsen i Pakistan står lastebilane i fleire kilometer lange køar.

Foto: Atta Ansari / NRK

Flaumen i Pakistan er den verste i landets historie. Ein tredel av landet ligg no under vatn.

No varslar styresmaktene i landet at det kan komme meir flaum fordi vasstanden i innsjøar stig.

Dei siste par dagane har eit NRK-team prøvd å reise rundt i Sindh-provinsen.

Her har folk enkelte stader venta på hjelp i åtte døgn, før dei i går blei redda ut.

Over 33 millionar menneske er ramma. Rundt 1200 er døde. Over 400 av dei er barn.

Behovet for nødhjelp er enormt. Men å få fram hjelpa er svært vanskeleg. Vassmassar har vaska bort vegar, bruer og jernbanelinjer. Ekstra vanskeleg er det i dei to sørlege provinsane Balutsjistan og Sindh.

Les også Tørke og flom sees fra verdensrommet

100.000 måtte flytte

Søndag vart det laga eit hol i ein voll ved Manchar-sjøen for å sleppe ut vatn. Innsjøen har vore så full at dei lokale styresmaktene har frykta at demningar skulle breste, skriv Reuters.

Målet med å sleppe ut vatn på denne måten er å unngå at vatn samlar seg i tettare folkesette område, og å få ned vasstanden i dei hardast ramma områda, seier styresmaktene.

Trass i tappinga av innsjøen har vasstanden halde fram med å stige. Derfor er rundt 100.000 menneske i landsbyane rundt innsjøen bedne om å flytte.

En familie søker tilflukt fra flommen i Pakistan.

Ein familie som har flykta frå flaumen, har slått seg ned i ein av leirane som er sett opp av hjelpearbeidarar.

Foto: Zahid Hussain / AP

Det er ikkje kjent om alle dei 100.000 som blei bedne om å flytte, faktisk gjorde det. Fleire har klaga på overfylte leirar, medan andre ikkje ønsker å forlate det dei eig.

Flaumen kjem i etappar

Éin av dei som prøver å hjelpe er Faisal Edhi. Han leiar Pakistans største hjelpeorganisasjon, Edhi Foundation.

I to månader har fleire hundre frivillige frå organisasjonen hans vore ute i felten.

Han fortel til NRK at arbeidet er svært vanskeleg og at flaumen kjem i etappar.

Faisal Edhi peker på kart over Pakistan

I flaumområda er nettet nede. Eit gammalt kart over provinsen Sindh og lokal kunnskap er akkurat no gull verd. Faisal Edhi, leiar for Pakistans største hjelpeorganisasjon Edhi Foundation.

Foto: Atta Ansari / NRK

Først kom det enorme mengder med regn. Det førte til store øydeleggingar i dei sørlege provinsane. Deretter kom flaumen nordfrå, forklarer Edhi. Han seier at elvane som renn i Pakistan kjem frå Himalaya og Hindukush der global oppvarming har ført til at isbreane smeltar raskt.

Fleire elvar fløymde over og på nytt vart store område underlagde vatn.

Tidlegare denne veka kritiserte han sentrale styresmakter og sa at dei hadde komme for seint i gang med nødhjelp.

Folk med vann til brystet vasser i gate

Folk som har venta på redningsbåtar i fleire døgn.

Foto: Asif Afridi

Laurdag bad Pakistan om internasjonal nødhjelp.

– Øydeleggingane er massive, og det krev ein omfattande respons. Eg appellerer til mine landsmenn i Pakistan, pakistanarar i andre land og det internasjonale samfunnet om å støtte Pakistan når landet treng det, sa planleggingsminister Ahsan Iqbal på ein pressekonferanse.

Ber om visum til hjelpearbeidarar

Noregs Røde Kors seier det hastar å få folk ut av dei farlege områda i Pakistan, og sørge for at folk får mat, reint vatn og helsehjelp.

Generalsekretær i Norges Røde Kors, Bernt G. Apeland.

Generalsekretær i Noregs Røde Kors, Bernt Apeland.

Foto: Røde Kors

Generalsekretær Bernt Apeland seier det no blir viktig at styresmaktene sikrar at alle som vil hjelpe får gjere det.

– Dei må gi visum til internasjonale hjelpearbeidarar slik at vi kan få på plass kapasitetar og ressursar og kan redde så mange som mogleg.

Dette kan vere avgjerande for å få fram hjelpa, seier Apeland til NRK.

– Vi ser at det er vanskeleg å få visum til internasjonale hjelpearbeidarar. Det betyr at innsatsen som trengst kan bli forseinka.

Bekymra for barna

Også Redd Barna i Pakistan er bekymra for situasjonen i landet. Direktør Khuram Gondal seier at barn er særleg utsette i den krisa Pakistan står oppe i no.

– Vi i Redd Barna er særleg bekymra over at 16 millionar barn treng hjelp etter at dei har mista alt. Dei har måtte flykte. Vi ser barn som er skilde frå foreldra. Dei får ikkje gått på skulen og manglar tilgang på helsehjelp. Det er øydeleggjande, seier han til nyheitsbyrået AP.

Jenteskole under vann

Ein vidaregåande skule for jenter under vatn i K. N. Shah. Mange stader er anna så djup som 40 fot.

Foto: Asif Afridi

Også sjefen for den humanitære organisasjonen Action Against Hunger i Pakistan, Jennifer Ankrom-Khan, er bekymra for situasjonen. Ho seier til Sky News at det er vanskeleg å komme fram med hjelp til dei ramma områda i distrikta.

– På grunn av dette kjenner vi ikkje heile situasjonen enno. Krisa kjem til å halde fram, truleg også dei neste vekene, seier ho.

Pakistans statsminister Shehbaz Sharif sende søndag ut ei bønn til hjelpeorganisasjonar via Twitter, der han bad om hjelp til å handtere dei mange barnedødsfalla landet no ser.

– Pakistan kjempar no med ei av det verste klimakrisene. Blant dei hardast ramma er barna. Med over 400 døde utgjer dei ein tredel av dødstala, skreiv han.

Lastebilar i 10 mil lang kø

I Sindh-provinsen har det danna seg ein over 100 kilometer lang kø av lastebilar på motorvegen mellom byane Nawabsha og Sukkur.

Ifølgje NRK-teamet er flaumvatnet på begge sider av motorvegen fleire meter djupt.

Lastebilsjåførar har venta i opptil sju døgn i temperaturar på opptil 40 grader.

Lang kø langs en vei i Pakistan

Flaumvatnet langs motorvegen gjer det vanskeleg for bilar å komme seg fram.

Foto: Atta Ansari / NRK

Mange lastebilsjåførar i Pakistan har dårleg råd. Ein restauranteigar i byen Moro fortel til NRK om svoltne lastebilsjåførar som tigg mat. Fleire har ikkje hatt tilgang på mat og vatn.

Søndag morgon vart motorvegen delvis opna, men køane er framleis lange.

Les også Norskpakistanere samler inn penger og klær til flomofre

Oversvømmelsene har gjort gatene ufremkommelige, her i Nowshera, Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt