Hopp til innhold

Seks flyulukker på to år i Nepal

Nepal har ei 55 år lang historie med luftfart. I løpet av åra sidan 1957 har det vore rundt 70 flyulukker i fjellandet

Flyulukke i Nepal.

Ingen overlevde flyulukka i Nepal fredag. Dette var den sjette flyulukka i landet på to år.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

Dette seier Nawaraj Giri, ein funksjonær ved flyselskapet Sita Air , selskapet som vart ramma av ulukka fredag der 19 menneske omkom. Han seier at dette er første gong dei opplever ei ulukke med eitt av selskapa sine Dornier-fly.

– Slurvar med tryggleiken

Toya Dahal er ekspert på flytryggleik og arbeider for Initiative for Aviation Safety i Nepal , (Initiativ for flytryggleik), ei lobbygruppe som arbeider for å gjere flytrafikken tryggare i landet. Han er sterkt kritisk til mange av flyselskapa som opererer i Nepal.

Flyulukke i Nepal.

Ein hjelpearbeidar har sikra seg taleregistratoren på den havarerte flyet.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

Han skuldar selskapa for å slurve med den rutinemessige vedlikehaldet av flya, og at mange selskapet tek sjansen på å flyge sjølv om det er dårleg ver. Han tvilar sterkt på forklaringa frå selskapet når det gjeld ulukka fredag.

– Dette er eit tomotors fly som ikkje skulle ha noko problem med å lande trygt, sjølv om den eine motoren var øydelagt av ein fugl. Om ein motor er ute, så kan den andre motoren halde flyet oppe, seier han.

Toya Dahal seier at det verkar på han som om at piloten har oppdaga ein teknisk feil med flyet, og at han så hadde prøvd å naudlande.

Stor rasulukke

Denne flystyrten er den andre store ulukka i Nepal på under ei veke. Søndag omkom minst åtte klatrarar i eit stort snøras i fjellet Mansalu i den nordvestlege delen av landet. Tre klatrarar er framleis sakna.

Flytrafikken er stor i Nepal, spesielt på denne tida av året, som er høgdepunktet på klatresesongen i Himalaya. Vegstandarden er svært dårleg i fjellandet, så mange turistar, pilegrimar og klatrarar satsar på å reise med fly for å kome rundt i landet.

Det er 16 innanlands flyselskap i Nepal og 49 mindre flyplassar. Ingen av flyselskapa står på den internasjonale svartelista til EU.

Seks flyulukker på to år

Her er ei oversikt over flyulukkene dei siste par åra:

28. september 2012: Eit Dornier-fly frå selskapet Sita med 19 personar, om bord, blant dei sju frå Storbritannia og fem frå Kina, styrta like etter avgang frå flyplassen i Katmandu. Alle om bord omkom. Årsaka var truleg kollisjon med fuglar.

LES OGSÅ: 19 døde i flystyrt i Nepal

14. mai 2012: 15 menneske omkom då eit fly frå Agni Air med indiske pilegrimar om bord styrtar i nær den høgtliggjande flyplassen Jomsom i det nordlege Nepal. Seks menneske overlevde på mirakuløst vis.

18. oktober 2011: Alle dei seks om bord omkom då eit nepalsk militærfly styrta i eit jaktreservat like etter avgang frå flyplassen i Nepalgunj i den sørvestlege delen av landet. Flyet skulle frakte ein kritisk sjuk soldat tilbake til Katmandu.

25. september 2011: Eit fly som frakta turistar på ein sightseeingtur rundt Mount Everest styrta inn i ei fjellside like utanfor Katmandu. Alle dei 19 om bord miste livet.

15. desember 2010: Alle dei 22 om bord omkom då eit passasjerfly styrta i det austlege Nepal. Dei fleste om bord var pilegrimar frå Bhutan, men det var også ein amerikansk statsborgar om bord.

LES OGSÅ: – Ikkje redd for å reise med fly i Nepal


24. august 2010
: 14 menneske omkom då eit lite fly frå Agni Air styrta i dårleg ver like utanfor Katmandu. Blant dei omkomne var fire frå USA, ein frå Japan og ein frå Storbritannia.

SISTE NYTT

Siste nytt