Hopp til innhold

USA, Canada og EU-land utviser syriske diplomatar

USA, Canada og EU-landa har utvist syriske diplomatar som ein reaksjon på massakren i den syriske byen Houla sist fredag, der over 100 sivile vart drepne.

Demonstrantar mot Bashar al-Assad

STORE DEMONSTRASJONAR: I samband med massakren i Houla på fredag har det vore store demonstrasjonar mot Bashar al-Assads regime i Damaskus. Her frå Deraa, eit av hovudseta for det syriske opprøret.

Foto: HANDOUT / Reuters

Utvisingane er ein samordna reaksjon frå USA og EU på dei brutale drapa på sivile i Houla, der mange av offera var born. Dei fleste vart drepne av militssoldatar som støttar regimet til Bashar al-Assad, seier augevitne. 49 born og 34 kvinner var blant dei drepne, opplyser FN.

Samstundes held valdsbruken fram i Syria, og i dag er det meldt om minst 19 drepne ulike stader i landet.

Frist på 72 timar

Frankrikes president Francois Hollande.

Frankrikes president Francois Hollande kom i dag med ny krass kritikk av regimet til Bashar al-Assad i Syria.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Nederland, Italia, Spania, Sveits, Bulgaria, USA, Canada og Australia har alle gjeve syriske ambassadørar og diplomatar 72 timar på å forlate landa. Reaksjonen var ei felles semje mellom statane.

Syria har ikkje ambassade i Noreg, men den syriske ambassaden i Stockholm er også akredittert til Noreg og Danmark. Svensk UD har gjort det klart at dei avventar situasjonen.

– Dette er inga unilateral avgjerd, men eit samarbeid med våre partnarar, seier den franske presidenten Francois Hollande, ifølgje Reuters.

Overlevande har fortalt at dei fleste offera vart drepne i to rundar med summariske avrettingar i landsbyen Taldaou, ein del av Houla. Fleire familiar vart drepne i heimane sine. Dei paramilitære gruppene som dei overlevande seier stod bak drapa, blir i Syria kalla shabbiha.

Dette betyr eigentleg skrømt, men i denne samanhengen tyder ordet bøller.

Etterforsking i tidleg fase

FN-talsmann Rupert Colville i Genève understrekar likevel at granskinga av drapa i Houla enno er i ein tidleg fase.

FNs spesialutsending Kofi Annan har i dag møtt Syrias president Bashar a-Assad i Damaskus.

– Kofi Annan har i klare ordelag lagt fram sin bekymring for president Bashar al-Assad, og han har gjort det klart at fredsplanen ikkje vil kunne føre fram utan full stopp i valden, seier Ahmed Fawzi, talsmann for Kofi Annan.

Og medan Fawzi gjorde greie for Annan og Assads møte i Damaskus i dag, heldt kampane fram i Syria. AFP melder om 19 drepne i kampar mellom regjeringsstyrkar og opprørssoldatar.

Berre i Homs, eit hovudsete for opprøret vest i landet, vart sju sivile drepne.

Låge forventningar

Tidlegare på dagen var det ikkje venta at mykje konstruktivt skulle kome ut av møtet. Og kritikarane fekk kanskje rett. Syrisk TV har rapportert at Bashar al-Assad har opplyst Annan om at det han kallar terroristar har trappa opp sin aktivitet. Han skal òg ha sagt at fredsplanens suksess er avhengig av at "terrorismen må stoppe".

(Artikkelen held fram under biletet.)

Døde mennesker i Syria

NESTEN ALLE AVRETTA: Av dei 108 drepne i Houla vart 80 avretta, meiner FNs menneskerettskontor.

Foto: Handout / Reuters

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa i ein telefonsamtale med FN-utsending Kofi Annan i dag at FNs observatørkorps bør granske det som skjedde i Houla fredag. Han bad også om at både syriske regjeringsstyrkar og alle væpna grupper straks skal stanse valdsbruken.

FN-observatørane i Syria blir leidd av den norske generalmajoren Robert Mood.

Kofi Annan er venta å halde ein pressekonferanse om møtet seint i ettermiddag eller i kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt