NRK Meny
Normal

Mange stengde vallokale i Aust-Ukraina

Fleire millionar menneske i det austlege Ukraina får truleg ikkje røyste ved presidentvalet i dag på grunn av opprøret mot regjeringa i Kiev.

Valet er i gang i Kiev.

Ei kvinne studerer vallista i eit røystelokale i den ukrainske hovudstaden Kiev.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Det er 36 millionar røysteføre i Ukraina, men 15 prosent av desse får truleg ikkje sjansen til å delta i valet. Valet blir ikkje gjennomført på Krim, og i dei to utbrytarregionane Donetsk og Luhansk vil eit fleirtal av vallokala halde stengt.

Dei pro-russiske separatistane, som har teke makta i desse områda, kallar valet ulovleg, og har varsla at dei vil blokkere dei vallokala som opnar. Kyiv Post melder likevel at vallokala er opne i ni av 34 valdistrikt i desse regionane.

Observatørar trekte ut

Julia Timosjenko og mannen Oleksander røystar.

Julia Timosjenko og mannen Oleksander røystar i eit vallokale i byen Dnepropetrovsk.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Valobservatørane frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) er i Ukraina for å følgje valet, men dei fleste observatørane har trekt seg ut av Donetsk-regionen. Dei grunngir dette med at det går føre seg ein terrorkampanje mot representantar for styresmaktene i Kiev i regionen.

Vallokala i Ukraina opna klokka åtte norsk tid og vil vere opne i 12 timar. Det blir meldt om lange køar framfor vallokala i hovudstaden Kiev då røystinga starta. Det er venta valdagsmålingar like etter klokka 20, men det endelege valresultatet kjem truleg ikkje før måndag.

Det blir meldt frå Donetsk at eitt vallokale opna i byen klokka åtte, men at væpna menn stengde lokala etter cirka ti minutt. Det same skal ha skjedd i byen Dniprotetrovsk.

Presidentkandidaten Julia Timosjenko røysta i eit anna vallokale i Dnepropetrovsk saman med ektemannen Oleksander.

LES OGSÅ: Klar beskjed til Brende i Ukraina: – Vi vil ta tilbake Krim

Mange stengde vallokale

Ukrainsk flagg ved vallokale i Donetsk-regionen.

Eit ope vallokale i Donetsk-regionen. Ein mann festar eit ukrainsk flagg på vallokalet i byen Dobropilja.

Foto: STRINGER / Reuters

Nyheitsbyrået AFP melder at berre 20 prosent av vallokala i Donetsk-regionen, som har 3,3 millionar registrerte veljarar, er opne. I sjølve byen Donetsk var ingen vallokale opne klokka 0930 norsk tid.

Favoritt til å bli ny president i Ukraina er Petro Porosjenko. Han er ein av dei rikaste i landet og går under namnet Sjokoladekongen , fordi han eig fleire store sjokoladefabrikkar.

Han har lovd ei folkerøysting om sjølvstyres i det austlege Ukraina, og han har sagt at han som president i løpet av kort tid skal greie å stanse uroa i aust og få til ei fredeleg løysing .

Ein annan kandidat er Julia Timosjenko, heltinna frå den såkalla oransjerevolusjonen i 2004. Ho var statsminister i ein periode, og ho tapte presidentvalet mot Viktor Janukovitsj i 2010. Seinare vart ho dømd til fengselsstraff for korrupsjon.

Andre kandidatar er Serhju Tihipko (tidlegare Janukovitsj-støttespelar), Mikhail Dobkin (Regionpartiet), Ole Tjahnybok (Svoboda) og Petro Symonenko (Kommunistpartiet).

LES OGSÅ: Ukraina har 10.000 internt fordrevne flyktninger

Ukrainas statsminister Arsenij Jatsenjuk røystar i Kiev.

Ukrainas statsminister Arsenij Jatsjenjuk røystar i eit vallokale i hovudstaden Kiev.

Foto: POOL / Reuters

Italiensk journalist drepen

Ein italiensk journalist og tolken hans vart seint i går drepne i eit artilleriangrep nær Slavjansk i det austlege Ukraina. Ein fransk fotograf vart såra i same angrepet. Dei pro-russiske separatistane står svært sterkt i dette området, men det er uklart kven som stod bak angrepet.

Opprørarane tok kontroll over Slavjansk i starten av april, som ein av dei første byane som separatistane tok over. Byen er kringsett av ukrainske regjeringsstyrkar og har vore utsett for daglege angrep.

Danmarks Radios reporter Matilde Kimer er i området, og ho kan fortelje at Slavjansk, som har 120.000 innbyggjarar, var under kontinuerleg angrep i år. Det var særleg ille i går kveld, fortel ho, og det var vanskeleg å bevege seg rundt for å finne ut kva som skjedde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt